Vil stilla CO2-krav til oppdrettsnæringa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– SV vil fremja forslag i Stortinget om at alle nye konsesjonar seinast frå 2020 skal krevja nullutslepp av klimagassar eller berre bruk av fornybart drivstoff. Då vil også eksisterande oppdrettsanlegg måtte komma etter. Selskap som leiger ut brønn- og driftsbåtar vil heller ikkje sjå seg tent med å fortsetta med forureinande teknologi, seier Lars Haltbrekken (SV) til Bergens Tidende.

Liv Kari Eskeland (H) meiner næringa er klar for eit skifte. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker

– Næringa er klar for eit skifte

Saman med stortingskollega Liv Kari Eskeland frå Høgre vil Haltbrekken foreslå CO2-kutt for oppdrettarane. Dei to politikarane stod også saman om å skjerpa krava til utslepp frå cruiseskip og turistbåtar, fortel BT.

Eskeland viser til at næringa har blitt meir opptatt av å kutte i utsleppa.

– Næringa er klar for eit skifte, så må me politikarar setja krav, seier Eskeland.

LES OGSÅ: Bli kjent med sirissane – det nyaste husdyret i Norden

Berre éin elektrisk driven oppdrettsbåt

Tal frå selskapet ABB og miljøstiftinga Bellona viser det blir sleppt ut 453.972 tonn CO2 frå fiskeoppdrettslokalitetar. Det inkluderer brønnbåtar og driftsbåtar. Båtane står for om lag halvparten av utsleppa.

– Halvparten av oppdrettsanlegga har allereie landstraum, men førebels finst berre éin elektrisk driven oppdrettsbåt, seier Haltbrekken til avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Den mektige makrellen