Ungdommen i Ghana fortel

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare var Ghana ein britisk koloni under namnet Gullkysten. I 1957 vart landet sjølvstendig, og var den fyrste kolonien sør for Sahara som lausreiv seg frå kolonimaktene.

I dag er Ghana kjent som eit av dei mest stabile og velfungerande demokratia i Afrika sør for Sahara.

Les også om spora etter dansk-norsk slavehandel som ein framleis kan sjå i Ghana.

Obama: – Model for democracy

Ord som ofte blir brukt for å beskrive Ghana er «trygt» og «fredeleg». Etter Obama besøkte Ghana i 2009 sa han at landet var ein «model for democracy». Men kva tenkjer den yngre generasjonen om å bu i Ghana? Kva ønskjer har dei for framtida, og kva vil dei formidle vidare til verda der ute?

I samband med bachelorgraden min i utviklingsstudier ved Oslomet var eg på feltstudie i Ghana der vi skulle sjå nærmare på demokratiet i landet.

I seks veker snakka me med folk frå alle samfunnslag og aldrar for å få eit best mogleg bilete over korleis demokratiet opplevast av folket, uansett sosial og økonomisk bakgrunn.

Les også: Difor er folkerøystingar udemokratiske

Frimpong (25)

I starten av ei av Ghanas gater sit Frimpong (25) saman med fleire av vennane sine på nokre krakkar, i skuggen, bak salsboda si. Dei bytar på kven som skal stå i sola for å få tak i kundar.

Nokon har jobba der i mange år, og kjem truleg til å fortsette å tene pengar på denne måten. Frimpong derimot ønskjer å bli ingeniør, men må jobbe for å tene nok pengar til å ta den utdanninga han treng.

Når Frimpong blir spurt om korleis livet er i Ghana, seier han at det er tungt. Han fortel om kor hardt ein må jobbe, og kor lite ein får betalt for strevet. Det er vanskeleg å få jobb i Ghana om ein ikkje har gått skule, men også etter ei grad frå universitetet er det mange som må vente i fleire år før dei får jobb. I fleire tilfelle må ein ta på seg jobbar ein er overkvalifisert til.

Les også reportasjen om taiwanske Tosiku (17): – Mamma har sagt vi skal bu utandørs i tre år til

Skeptisk til leiarane

– Leiarane våra bryr seg ikkje om oss. Dei tenkjer berre på sine eigne, og ikkje folket som heilskap, seier Frimpong.

Frimpong fortel at han gjerne skulle ha studert i utlandet, gjerne i Europa eller USA, men at dette er vanskeleg å få til. Han meiner at verda kunne ha blitt betre og utvikla seg raskare om det vart meir tilrettelegging for å studere i andre land. På denne måten kan ein få ei utdanning, samtidig som ein får observere korleis andre land har valt å løyse gitte problemstillingar.

– For framtida ønskjer eg at verdas befolkning samarbeider og hjelp kvarandre. Vi burde bygge kvarandre opp, ikkje stenge kvarandre ute, seier Frimpong.

Les også: Afrikanarar reagerer på korleis kontinentet vert framstilt i bistandskampanjar

Ulikskap

Lenger ned i gata står Tracy (15) og Godwin (21). Tracy er ferdig på skulen for dagen, medan Godwin framleis prøvar å selje kokosnøtter til forbipasserande. Dei seier at som ghanesarar er dei født og oppvaksen her, og har ikkje noko problem med korleis samfunnet fungerer; her er fred og fridom, og dei er fornøgde med det. Tracy seier at ho set spesielt pris på den rike kulturen i Ghana.

Etter ei stund påpeikar Godwin at leiarane ikkje gjer nok for å hjelpe dei fattige, og at dette er noko han håpar kjem til å endre seg snart.

– Dei rike burde hjelpe dei fattige. Vi er alle menneske, og burde derfor vere likestilte, seier Godwin.

Les også reisebrevet til Emma Rolfsnes Sele (20) som har vore frivillig på ein barne- og ungdomsskule i Kasese, Uganda. 

Emma Rolfsnes Sele jobbar frivillig på ein barne- og ungdomsskule i Uganda. Foto: Privat