Kringkastingsringen er letta over Mediestøttemeldinga

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulturminister Trine Skei Grande la i dag fram Mediestøttemeldinga «Mangfald og armlengds avstand». Heile meldinga kan du lese her.

Som venta annonserte meldinga ein ny finansieringsmodell for NRK – rikskringkastaren skal ikkje lenger finansierast av lisenspengar, men gjennom skatten.

Kringkastingsringen er letta over at meldinga ikkje endra dei redaksjonelle vilkåra for kanalen:

– Eg er glad for at meldinga slår fast at NRK også i framtida skal ha ei sentral rolle i det norske medielandskapet, seier den nye leiaren i Kringkastingsringen, Kathrine Nygård i ei pressemelding.

NRK med eit særleg ansvar for blindsoner

Samstundes gler Nygård seg over det nye punktet i NRK-plakaten som seier kringkastaren har eit særleg ansvar for «geografiske blindsoner»:

– Det er viktig for oss at heile landet syner att i media. I tider med krav til nedskjeringar og sentralisering er dette eit viktig signal. Me håpar det vil gjera det verre å kome på tankar om å leggje ned distriktskontor. Dei er kanskje dei viktigaste leverandørane av nynorsk journalistikk i NRK, seier Nygård.

Leiaren i Kringkastingsringen understrekar at eit sterkt NRK er viktig for nynorsk og samisk.

Nynorsk ikkje er nemnd med eitt ord i Mediestøttemeldinga, men i eit intervju med Framtida.no opnar kulturminister Trine Skei Grande for at nynorsk kan bli eitt av fleire styringsmål ho vil setja for den nye mediestøtta.