Fleire søkjer landbruksutdanning på vidaregåande
Dei siste fem åra har det vore ei auke av unge som søker seg til naturbruk på vidaregåande skule.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I tida framover vil landbruket møte klimaendringar og nye produksjonsforhold. Me treng difor fleire unge og kloke hovud med god og oppdatert agronomikompetanse, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i ei pressemelding frå departementet.
Ho gler seg over at fleire unge vel landbruksfag. Søkjartala frå Utdanningsdirektoratet viser at talet på søkjarar til landbruksfag Vg3 har auka med 27 prosent.
Søkjartalet til naturbruk Vg1 er på same nivå som i fjor. Det er generelt god kjønnsbalanse blant elevane som vel naturbruk, men på hest- og hovslagerfaget er 98 prosent av elevane jenter, medan fleirtalet av dei som vel skogfag er gutar.
Teknologiutvikling
Bollestad løftar òg fram teknologiske ferdigheiter som viktig for framtidas bønder.
Trass i at produksjonsmengda i norsk jordbruk er nesten dobla siden 1960, har arbeidsinnsatsen gått ned. Me produserer i dag like mykje mat som i 2000, men med 35 prosent mindre arbeidsinnsats.
I 2018 vart det estimert 43 200 årsverk med 1 845 arbeidstimer i landbruket, noko som var 2 prosent mindre enn året før.