Brunei innfører dødsstraff ved steining for homofili og utruskap

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie i 2013 annonserte det søraustasiatiske landet Brunei at dei ville innføra dødsstraff for homofil sex og utruskap, ifølgje New York Times.

Dei nye lovene skulle etter planen tre i kraft for fleire år sidan, men har vorte utsett på grunn av internasjonalt press.

Før jul kom beskjeden frå Brunei sine myndigheiter om at dei nye lovene vil tre i kraft frå og med 3. april 2019.

Les også: Tapte folkeavstemming – likekjønna får ikkje gifte seg i Taiwan

Amnesty kritiserer Brunei

Internasjonale aktørar som Amnesty International reagerer sterkt på nyheita, som vart kjent internasjonalt nyleg.

– I tillegg til å innføra grufulle, inhumane og nedverdigande straffemetodar, hemmar det retten til å uttrykke seg, sin religion og si overtyding og kodifiserer diskriminering av kvinner og jenter, seier Rachel Chhoa-Howard i ei pressemelding frå Amnesty International.

Det muslimske sultandømmet Brunei har hatt dødsstraff sidan dei var eit britisk protektorat, men har i liten grad praktisert dette. Ifølgje Amnesty International vart ein person dømt til døden i 2017 i ei narkotikasak.

Homoseksualitet er allereie ulovleg i Brunei og kan i dag straffast med inntil ti års fengsel, men dei nye lovene opnar for straff ved pisking og steining. Den nye lova opnar òg for å straffa ran med amputasjon av hender eller føtter.

Les også: Angola avkriminaliserer homofili

Krev fleire muslimske vitne

Det vesle oljelandet Brunei vert styrt av sultan Hassanal Bolkiah, som også er landets statsminister, finansminister og forsvarsminister. Dei seinare åra har han gått inn for ei meir konservativ islamsk linje.

For at ein person skal kunne dømmast for utruskap eller å ha homofil sex, krevst det fleire muslimske vitner. Lovene vil gjelda både ikkje-muslimar og muslimar, som utgjer omlag to tredelar av befolkninga.

Les også: Éin av fire LHBT-personar har vore utsett for hatytringar siste året

– Jævla homo er ein klassikar, som eg har fått mange gongar, sa Ap-politikar Kai Steffen Østensen då Framtida.no spurte om kva negative kommentarar han har opplevd å få knytt til legning. Arkivfoto