Nederlag for LHBT-rørsla i Taiwan

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkerøystinga på laurdag gjekk mot forslag om å akseptere ekteskap mellom likekjønna i «Sivillova».

Forslaget som vart stemt fram av folket krev at ekteskap skal vere juridisk definert som mellom ein mann og ei kvinne.

Det melder Taiwan News.

Nederlag for pro-LHBT-forslag

Det var fleire forslag på stemmesetelen under laurdagens folkerøysting i Taiwan. Nokre var ordlagt i favør likekjønna ekteskap, nokre imot.

Ifølgje Taiwan News, så fekk to av forslaga som omhandla likekjønna samliv nok stemmer til at regjeringa lyt ta omsyn til dei. Desse var begge formulert negativt mot likekjønna ekteskap.

Det var forslaget om at ekteskap i «Sivillova» skal vere definert som ein union mellom ein mann og ei kvinne, samt forslaget om at rettane til likekjønna par som bur saman bør vernast på andre måtar enn ved å endre dette lovverket.

Det konkurrerande forslaget om at likekjønna sin rett til å gifte seg skulle skrivast inn i «Sivillova», fekk på si side ikkje nok stemmer til at regjeringa lyt lytte til det.

Eit tredje forslag som også vart godkjent krev at skular unngår å undervise om LHBT-tema.

Les også: Ønskjer meir kjærleik og kjønnsidentitet på timeplanen

Nytt lovverk

Kolas Yotaka, ei talskvinne for nasjonalforsamlinga i landet, seier til Taiwan News at sidan folket sa nei til eit tillegg til «Sivillova», så lyt lovgjevarane no introdusere eit nytt lovverk for å verne rettane til likekjønna par.

Praksisane i landet lyt framleis vere i samsvar med den taiwanske høgsteretten si avgjerd frå mai 2017, då den øvste rettsinstansen vedtok at det var grunnlovsstridig å hindre likekjønna par å gifte seg.

Det kan såleis verte ein krevjande balansegang for den taiwanske regjeringa, som både skal tilfredsstille høgsteretten og den sterke konservative opposisjonen.

The Guardian skriv at endå folkerøystinga berre er rettleiande, så er det venta at resultatet vil påverke politikken i landet, då mange av lovgjevarane går for å verte attvalde i 2020.

Les også: Skeiv på Sørlandet

– Resultatet må ikkje verte nytta som ei unnskyldning

Amnesty International er ein av organisasjonane som allereie har ytra si misnøye med utfallet av folkerøystinga.

– Resultatet må ikkje verte nytta som ei unnskyldning for å vidare undergrave rettane til LHBT-folk. Den taiwanske regjeringa må stå fram og gjere alle nødvendige tiltak for å skape likskap og verdigheit for alle, uansett kven folk elskar.

Det seier Annie Huang i ei pressemelding. Ho er fungerande direktør i Amnesty International Taiwan.

– Dette resultatet er eit bittert slag og eit steg tilbake for menneskerettar i Taiwan. Trass i dette tilbakeslaget, så held vi fram med å vere sikre på at kjærleik og likskap til slutt vil rå, seier ho.

Les også: Noreg krev etterforsking av tortur og drap i Russland