«Gir French taletid og publikum munnkorg»

Elise Lysgård Almås
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Lesarinnlegget var først publisert i Sogn Avis og Porten.no.

14.-24 mars var det klart for folkefesten VEKAO blant studentane i Sogndal. På programmet finn me konsertar, ølsmaking, sminkekurs og anna moro.

Paradoksalt nok er òg føredrag med den tidlegare leigesoldaten i Kongo og Uganda, Joshua French, ei av hovudoverskriftene på programmet.

Humanitær katastrofe

Situasjonen i Kongo er prekær. Ifølgje tal frå Flyktningshjelpa er over 4,48 millionar kongolesarar internt fordrivne, ein sjettedel av befolkninga lever i svolt, og 6 millionar born lir av underernæring.

Hundretusenvis er drepne i konflikten mellom opposisjonen og regjeringa. Det er ein av dei verste humanitære katastrofane i verda, rangert av FN som krisenivå L3, på lik linje med situasjonen i Syria og Jemen. 

Daglege kampar mellom geriljagrupper, opposisjonen og regjeringsstyrkar er ein realitet. Mange av gruppene støttar seg på internasjonale leigesoldatar, slik French og Moland har vedgått at dei var.

Bacheloroppgåva mi skreiv eg i fjor. Forskinga mi handlar om seksualisert vald som strategisk våpen i krig, og internasjonal juridisk regulering av dette. Eg har lese uendelege rapportar om valdtekne kvinner i Kongo.

Les også: Den kongolesiske legen Denis Mukwege er tildelt Nobels fredspris for kamp mot seksualisert vald i krig

Ufattelege overgrep

Overgriparane terroriserer systematisk lokalbefolkninga, og er av ein slik dimensjon at det er umogleg å førestilla seg det.

Eg har høyrt, sett og lese vitnemåla til kvinner som er blitt massevaldtekne av titals soldatar. Små born blir utsette for overgrep, gravide kvinner som er kutta opp levande før rebellane drep eller valdtek.

Kvinner som har fått underliva øydelagde grunna overgrep med mellom anna våpen. Kvinner som vert utstøytte av samfunnet som følgje av valdtektene, som får fatale konsekvensar for det psykososiale miljøet og reproduksjonen av neste generasjon.

FN estimerer kring 200.000 til 300.000 overlevande kvinner, men mørketala her er enorme. Samstundes held framleis desse «soldatane» fram med å plyndra, drepa og valdta dagleg.

Les også om Operasjon Dagsverk 2019 som skal støtte ungdom i Kongo!

Glorifisert framstilling

Konflikten og situasjonen i det ressursrike landet har leigesoldatar som Joshua French indirekte eller direkte bidrege til, gjennom sine «oppdrag» i Kongo og Uganda. Som han sjølv seier til NRK: «Vi var absolutt ikke på noen guttetur. Vi var der på vegne av noen. Vi skulle løse et lite oppdrag, før vi skulle reise ut av landet igjen. Det var formålet med hele turen».

Fleire kjelder, blant anna VG, har rapportert om at dei to var innleigde av CNDP, som på denne tida var leia av Laurent Nkunda. CNDP er forgjengaren til M23 som er ei av dei mest valdelege og dominerande opprørsgruppene i landet.

No sit French trygt heime i Norge. Gjennom føredraga sine vert han heroisert og glorifisert. Han vert òg statuert som eit offer for si tid i fengslet i Kongo.

French er ikkje eit offer. Dei 4,35 millionar internt fordrivne kongolesarane er offera. Over 200 000 valdtekne kvinner og born er offera. Innbyggjarane i Kongo som dagleg vert utsette for krig og terrorisering av geriljagrupper og valdsmenn, er dei ekte offera.

Dei verkeleg offera

Eg skjønnar det kan vera interessant å høyre meir om hendinga til French og Moland. Ytringsfridomen er nedfelt i paragraf 100 i grunnlova vår. Den tidlegare leigesoldaten har rett å fortelja si historie.

Det som er problematisk, er snarare at han og firmaet Atikko nektar å opne opp for kritiske spørsmål. Publikum blir presentert ein versjon av sanninga, hovudpersonen si subjektive oppfatning av situasjonen.

Ikkje historia til enka etter den drepne sjåføren, Bibiche Olendjeke, ikkje dei 200.000 valdtekne kvinnene og borna, ei heller det kongolesiske folket.

Dette er French si historie, og du som tilskodarar sit med munnkorg, utan moglegheita til å uttale deg i kritisk lei.

Føredraga er god butikk

Altså vil VEKAO i Sogndal gi French taletid og publikum munnkorg. Paradoksalt nok er VEKAO ein fantastisk fest for studentar, eit samlingspunkt for mangfald, inkludering og moro.

Er eit sensurert einvegskommunisert føredrag av French synonymt med desse verdiane? Svaret mitt er i alle fall nei.

At VEKAO signerer French er ein hån mot det kongolesiske folk, og dei etiske verdiane til studentsamfunnet. Det kneblar noko av det absolutt viktigaste ein lærer som student; evna til å stilla kritiske spørsmål.

Det er verdt å merka seg at estimert skal denne mannen sitje att med om lag 4 millionar i inntekter for føredraga. Er vi verkeleg komne dit at kapitalismen trumfar menneskeverd? Ein lyt spørja: hadde det vore Syria eller Afghanistan French hadde reist til, hadde han blitt motteken på same måten?

Dersom det var IS eller Taliban han var tilsett av, i staden for CNDP? Hadde VEKAO likevel invitert han? Eller er ikkje denne opprørsgruppa «forferdeleg» nok i våre etnosentriske auger?

– Ta heller ei eller fleire øl

Festivalar over heile Noreg har avlyst French som føredragshaldar. Eg oppfordrar VEKAO til å tenkje seg om. Ja, de sikrar dykk gode inntekter, og ja, de får «reaksjonar», og PR som festivalsjef Julian Hemmingsen uttalte. Men er det verdt å gå på akkord med etiske verdiar?

For 240 kroner kan du gjere særs mykje anna konstruktivt enn å høyre ei subjektiv framstilling av French si historie som «helt og offer».

Ta deg ei eller fleire øl på Dampskipskaien. Gå på kino. Eller endå betre: doner dei til Human Rights Watch, Flyktningshjelpen eller CARE som jobbar for å sikre dei rettane geriljagrupper og leigesoldatar som French pulverisera i Kongo.

Eg skal iallfall ikkje høyre på French sine anekdotar utan å kunna stille meg kritisk til føremålet hans der, og konsekvensane av det!