Stadig fleire vil starte eiga bedrift
Etter nokre år med nedgang i talet på søknader om finansiering for oppstart av bedrifter, opplever Innovasjon Noreg no at stadig fleire ynskjer å satse.
Ved utgangen av juli hadde 370 prosjekt fått innvilga tilskot, medan talet for heile 2023 var 450. Administrerande direktør i Innovasjon Noreg Håkon Haugli er særs nøgd med dei ferske tala.
– Eg har vore uroa over at både våre eigne tal og eksterne undersøkingar viste at stadig færre ynskjer å etablere eigne verksemder, særleg dei yngre. No kan det sjå ut som at den trenden er i ferd med å snu. Vi har også sett ein sterk auke i talet på søknader i ordningar for entreprenørskap blant studentar. Dette er gode nyheiter, seier Haugli.
Gründerane er viktige for landet
Han meiner det er avgjerande at i ei tid då det norske næringslivet må gjennom omfattande omstilling, å ha eit mangfald av nye verksemder som kan utvikle nye tenester og produkt og slik vekse seg sterke.
– Derfor er gründerane så viktige for landet vårt. Forsking viser at ein stor del av dei nye jobbane blir skapte i heile nye verksemder, og vi ser også at dei er raskare til å utnytte moglegheitene som ligg i ny, framtidsretta teknologi, som til dømes kunstig intelligens (KI), seier Haugli.
Ved utgangen av juli hadde Innovasjon Noreg innvilga nesten 153 millionar kroner i tilskot til i alt 370 oppstartsprosjekt. I heile fjor var summen 178 millionar til 450 prosjekt. Dermed ser det ut til å bli rekordhøg støtte til oppstartsverksemder frå Innovasjon Noreg i år.
– Den auken vi ser, er også eit uttrykk for at det har blir meir krevjande for unge verksemder å hente kapital. Generelt gir ei krone frå Innovasjon Noreg i underkant av to kroner i privat finansiering, held Haugli fram.
Han fortel at dei i mai i fjor endra vilkåra for oppstartslån for å gjere det enklare og for å redusere risikoen for gründerane.
– Risikosport
– Det er viktig for oss å ha gode ordningar som bidreg til at mange torer å satse på gode prosjekt. Gründerskap er risikosport, og vi kan dele risikoen med gründerane samstundes som vi følgjer opp og stiller krav til framdrifta, avsluttar Håkon Haugli.
Det er fleire teikn til at det er auka optimisme i norsk næringsliv. Denne veka melde Nynorsk pressekontor om ei rekordauke i nyetableringar i reiselivsbransjen. Det blir sett i samanheng med at den svake norske krona saman med den norske naturen gjer at stadig fleire utanlandske turistar kjem hit.
Det var i fjor 497 nyetableringar innan overnatting og servering i andre kvartal i år, og det er det sterkaste andrekvartalet sidan målingane starta. Og Vestlandet, Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal står for ein stor del av denne veksten.
Innovasjon Norge
- Innovasjon Noreg er eit offentleg, halvstatleg særlovsselskap som gjennom rådgiving, finansiering, kompetanse og nettverk skal bidra til å utvikle lønsam næringsutvikling i heile landet. Dei skal også profilere norsk næringsliv og Noreg som reisemål,
- Selskapet er eigd 51 prosent av Nærings- og fiskeridepartementet og 49 prosent av fylkeskommunane. Selskapet har åtte departement og statsforvaltarar som oppdragsgivarar.
- Innovasjon Noreg har kontor som dekkjer alle fylke, er til stades i rundt 30 land og samarbeider tett med norsk utanriksteneste. (Kjelde: snl.no)