Ung gründer-trio vil ha meir gjenbruk i havbruksnæringa
Selskapet AquaFind lanserer denne månaden det dei kallar ein heildigital marknadsplass for kjøp, sal og leige mellom aktørar i havbruksnæringa. Håpet er at gjenbruk skal gjere næringa meir berekraftig.
Ein av dei tre grunnleggjarane, Bastian Aure Overå frå Sykkylven i Møre og Romsdal, fortel at ideen kom opp under skriving av ei prosjektoppgåve på BI i Trondheim. Her samarbeidde han med Mario Nordly, som har mange år bak seg i havbruksnæringa. Han la fram ein forretningsidé, og snart var dei i gang. Dei fekk med seg Tor Jakob Moe på laget.
Alle tre er i 25-årsalderen. Mario er dagleg leiar, Bastian er salssjef og Tor Jakob er prosjektleiar. Plattforma dei lanserer no i oktober skal gi ei god oversikt over det brukte utstyret som er til sals, men også om behovet ulike aktørar har for utstyr. Dei vil formidle både kjøp, sal og leige av utstyr.
Meininga er at prosessen skal vere heildigital.
– Positive tilbakemeldingar
– Vi etablerte selskapet i januar i år, og vi har fått svært positive tilbakemeldingar frå næringa allereie, fortel Bastian Overå til Nynorsk pressekontor.
Dei unge gründerane har etablert seg med kontor på Pirsenteret i Trondheim, og dei har tru på at ideen om å formidle sal av brukt utstyr kan slå an også internasjonalt.
– Oppdrettsnæringa i Chile er den nest største i verda, men dei ligg 10–15 år bak Noreg teknologisk. Det betyr at mykje av utstyret som ikkje lenger er i bruk her i landet, framleis kan ha høg bruksverdi der. Vi har alt knytt kontakt med selskap der, seier Overå.
Han ser også marknaden i land som Canada, Skottland og Island som svært interessant for selskapet.
– Mange av selskapa innan havbruk har tenkt tanken om at det burde vere ein kanal for handel med brukt utstyr, men det har ikkje vore tid til å gå vidare med det. Så dei er positive til det vi har starta opp, seier han.
– Ikkje gode nok på gjenbruk
Salssjefen i AquaFind fortel at mange av havbruksselskapa har vorte flinke til å levere utstyr til gjenvinning, men at dei ikkje har vore like gode på gjenbruk.
Overå nemner at dei etter planen også skal etablere ein klimakalkulator for utstyret som er nytta i havbruksnæringa. Ved å samle informasjon frå både produsentar og oppdrettarar i denne kunnskapsbanken, skal det bli mogleg å finne ut kor stor klimaeffekten er ved gjenbruk.
Men denne kalkulatoren blir ikkje klar til opninga av plattforma deira seinare i oktober, for arbeidet er svært arbeidskrevjande.
AquaFind vart starta i januar i år, og sidan 1. august har dei tre gründerane jobba for selskapet på heiltid. Dei trur dei har skapt ei plattform som vil vise seg å bli svært viktig for havbruksnæringa i åra som kjem.
Marknadsplass
Selskapet skriv blant anna dette på nettsida aquafind.no:
Ved å bruke Aquafinds marknadsplass er vi kollektivt med på å nå fleire av berekraftsmåla til FN. Gjennom den digitale handelsplattforma ynskjer vi å effektivisere berekraftig handel og auka ressursutnyttinga i havbruksnæringa.