Tidlegare NRK Super-profil skal leia Kringkastingsringen
Kathrine Nygård (25) frå Longva i Møre og Romsdal er vald til ny leiar i Kringkastingsringen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg såg at kringkastingssjefen sa han ville at 2019 skulle bli året der NRK faktisk nådde 25 prosent nynorsk. Det vil eg òg! seier Kathrine Nygård i ei pressemelding.
Ho tek over som ny styreleiar i Kringkastingsringen etter Guro Kvalnes.
Les innlegget: «Nok tomprat om nynorsk frå NRK»
– Problemet er enno ikkje er løyst
Kringkastingsringen vart skipa allereie i 1955 og har sidan den gong arbeidd for å fremma bruken av nynorsk, norske dialektar og samisk i allmennkringkastinga og media generelt.
– Det er nesten utruleg at ein medlemsorganisasjon som har eit så smalt arbeidsfelt har greidd å overleva i meir enn seksti år. Men det seier berre at problemet enno ikkje er løyst, og det er openbert at det er mange arbeidsoppgåver å ta tak i, seier Nygård.
Den nye leiaren i Kringkastingsringen har journalistutdanning frå Norges Kreative Høyskole og hausten 2016 var ho nynorskpraktikant ved Nynorsk mediesenter.
25-åringen er kanskje mest kjent for si tid i NRK Super, mellom anna som programleiar i «Skolefri». Ho har òg vore journalist for Eidsvoll Ullensaker Blad, Adopsjonsforum, Gaysir og Magasinet BLIKK.
Les også: No må TV 2 også skrive nynorsk
Overraska Eli Kari på direkten
Kvart år deler Kringkastingsringen ut Kringkastingsprisen til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.
I fjor fekk vêrmeldar Eli Kari Gjengedal prisen på direkten av tidlegare styreleiar Guro Kvalnes.
– Om eg kan vere med å bidra til at det er heilt greitt å prate dialekten ein pratar, så er det fantastisk bra, sa Eli Kari Gjengedal då ho fekk prisen.

Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal vart hylla med kake og lovord på TV 2-kontoret. Foto: Ronald Toppe / Scary weather