Karak­ter­press: – For jusstu­denter, av jusstu­denter

Erik Fossnes, student i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet ved UiO
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert i Universitas.

Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til idet eg byrja på studiet i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Det vesle eg hadde å gripe fatt i av forventingar var i korte trekk: «høgt inntakskrav frå vidaregåande, prestisjestudie, jau du, her er det nok overvekt av dyktige studentar».

Forventingane vart etter kort tid stadfesta, men med på kjøpet fekk eg eit nytt syn på jusstudiet og dei tilhøyrande studentane. Kven skulle trudd at menneska som i framtida skal operere som demokratiets viktigaste støttespelar, ein velfungerande rettsstat, i realiteten avgrensar seg sjølv til alfabetets seks første bokstavar?

Jusstudentar har ei unik evne til å føre ein kvar samtale i retning av eksamen og karaktersnitt

Karakterar, karakterar, karakterar. Slik går den sosiale praten på det juridiske fakultet. Kanskje satt noko langt ute på den berømte spissen, men etter mi meining fortsatt ganske treffande. Ein øl innanbords og det einaste du høyrer er «men man kan jo ikke få traineestilling der om man ikke har B-snitt». Jusstudentar har ei unik evne til å føre ein kvar samtale i retning av eksamen og karaktersnitt.

I stadig aukande grad ytrast det hit og dit om ringverknadene av eit slikt studiemiljø. Den store snakkisen har først og fremst vore det berykta «karakterpresset». Det har mellom anna vorte arrangert paneldebattar, nokre har teke Facebook i bruk, medan andre har sverja truskap til sin anonyme brukar i jusskanalen på den til tider kritiserte appen Jodel. Temaet for alle diskusjonane har på mange måtar vore samanfallande: kven har skulda?

Det ligg i menneskets natur å finne ein syndebukk dersom noko skulle gå gale eller allereie har gått gale. Som regel er det andre enn den det direkte angår som vert peikt på. Når det vert prata om karakterpress på jussen har alle auga vore på utkikk etter eit hovud som det kan kastast egg på. Er det fakultetet sin feil, eller kanskje dei store aktørane i næringslivet? Dei fleste debattar og diskusjonar har utelukkande bestått av lange peikefingrar. Ein vakar på overflata og tør ikkje stikke hovudet ned i vatnet for å utforske realiteten.

Eg er ingen ekspert, det skal de vite. Men eg har ei meining og den skal du få høyre no. Har vi det verkeleg så vondt som mange skal ha det til? Lat meg stikke hovudet ned i vatnet.

Eg har alltid vore oppteken av konkurransar. Eg er eit konkurransemenneske. Frå fødselen av var eg omringa av utfordrarar og fiendar: først og fremst to brør som har drive aktiv krigføring. Eg hatar å tape, noko dei gjer og. Det har vore bitre strider i langrennsløypa, på fotballbana og på skulebenken. Det handlar om å vere best, ikkje sant? Det er i alle fall det eg har vakse opp med.

Ein vil nå toppen og oppleve suksess

Jusstudiet byr på same måte opp til dans. Dei fleste jusstudentar siktar høgt. Ein vil nå toppen og oppleve suksess. Millionlønna skin som ein spegel i solskinet og vi siklar alle saman etter ei sikker framtid. Men er det eigentleg plass til alle på toppen?

Realiteten er brutal. Skal du nå langt må du jobbe for det. Dei store advokatfirmaa strever etter å vere betre enn konkurrentane sine. Konkurransen mellom dei er beinhard.

Og då kjem spørsmålet: korleis kan dei fortsette å vere betre enn alle andre? Jo, ved å ha dei mest kompetente arbeidstakarane. Korleis finn ein så dei mest kompetente arbeidstakarane? Jo, ved å sjå på den juridiske kompetansen dei ulike kandidatane har. Du ser kor eg er på veg. Har ein gode karakterar, ja, då har ein bevis på at ein forstår jussen. Har ein ikkje fullt så gode karakterar, ja, då stiller ein svakare.

Er ein ikkje god nok, ja, då er ein ikkje god nok

Sjølvsagt er det fint med anna relevant erfaring, men dette skal ikkje vere noko substitutt for den reine juridiske kompetansen. Den naturlege konsekvensen av ein slik realitet er at det er dei beste juristane som får grønt lys. Er ein ikkje god nok, ja, då er ein ikkje god nok. Så for å vere klinkande klar: nei, det er ikkje plass til alle på toppen.

Jusstudentar søkjer det mest attraktive arbeidet. Arbeidsgjevarane søkjer dei beste jusstudentane. Om ein klarar å trenge seg gjennom nålauget kviler på ein ting: eksamen.

Ofte er det berre ein moglegheit i løpet av semesteret til å vise kva du er god for. Og det er i denne samanheng det mykje omtalte «presset» kjem til syne.

Frykten for å ikkje gjere det bra nok er overhengande og det er lett å kjenne seg makteslaus. Eg kjenner på det eg òg. Likevel er det ikkje andre enn meg sjølv eg fryktar å skuffe.

Det er mine eigne forventningar eg skal leve opp til, ingen andre sine. Det er ofte slik at ein vil ha den eller den jobben, og då må ein ha dei og dei karakterane. Det er også fort gjort å samanlikne seg med dei rundt seg og setje lista deretter. Karakterpresset kan derfor seiast å vere konstruert av oss sjølve: «Karakterpress – for jusstudenter, av jusstudenter».

Eg seier det igjen: alle kan ikkje vere best!

Er det då rart eg vert overraska og irritert når enkelte av mine medstudentar febrilsk ser seg rundt etter nokon å skulde på? Nokre gonger er det dei store advokatfirmaa som får gjennomgå, andre gonger er det til og med studentforeiningane det blir retta ein peikefinger mot. Det kan ikkje vere slik at ein til ei kvar tid skal finne ei eller anna grunnlaus unnskyldning fordi ein sjølv ikkje får dei beste karakterane.

Eg seier det igjen: alle kan ikkje vere best! Eg er heller ikkje best, men eg gjer det eg kan for å faktisk bli det. Eg står ikkje med egga i henda klar til å treffe den første potensielle «syndebukken» som kjem inn i skotlinja. Det blir heilt feil fokus. Ein må berre ta seg sjølv i nakken og gjere noko med det.

Det er rett og slett alt for mykje syting. Dette er eit øydeleggjande fokus å dyrke.

Den einaste måten ein kan gjere noko med det aukande «karakterpresset» er ved å ta tak sjølv. Ikkje bry deg om han idioten som skryt av sine tilsynelatande «gode» karakterar og som av den grunn trur at han er eit betre menneske enn alle andre.

Til sjuande og sist handlar det ikkje om karakterar, men om karakter

Ikkje legg deg opp i kva «alle andre» fekk på eksamen. Lar du deg påverke av slikt, ja, då kan du igjen berre takke deg sjølv.

Til sjuande og sist handlar det ikkje om karakterar, men om karakter. Det er sunt å ha forventningar til seg sjølv. Det er sunt å ikkje alltid lukkast. Det er sunt å leggje eit press på seg sjølv.

Hadde det ikkje vore noko press der, så hadde det ikkje betydd nok for deg.

Så vær så snill, ikkje leit etter unnskyldningar. Ikkje leit etter syndebukken.

Det er faktisk deg sjølv det kjem an på, kjære jusstudent.

Framtida.no har samla saman tal frå mange av dei største utdanningsinstitusjonane for høgare utdanning i Noreg, og resultatet er klårt: Det løner seg å klage på karakterane!