Venstre-ordførar om skulestreikane: Ei opa dør mot framtida

Alfred Bjørlo, Venstre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida.»

Slik startar sjølve «grunnlova» for norsk skule: Opplæringslova.

Det ungdom over heile landet no gjer, med å ta til gatene i protest mot at klimaomstillinga i samfunnet går for treigt, det er å opne ei dør mot verda og framtida.

Ingenting er viktigare. Og ingenting kan heller vere meir i tråd med måla i opplæringslova om å «utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine», og å «lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst».

Vaksne har til alle tider klaga over at ungdom ikkje er nok engasjerte. Når ungdomsengasjementet no blømer i ei grasrotrørsle for klimaet, starta av ei 16 år gammal jente i Sverige, så er det noko vi skal heie fram og stø opp om. Og gje gyldig fråvere for. Ikkje møte med spissfindig finjuss om tolking av fråversreglar – reglar som er laga for heilt andre føremål enn dette.

Vaksne har til alle tider klaga over at ungdom ikkje er nok engasjerte

Ungdommen sine klima-aksjonar over heile landet er politisk engasjement og politisk aktivisme på sitt beste. Det er også tvingande nødvendig for å få fart på eit treigt politisk miljø, som med fossil-dinosaurane Høgre, Frp og Ap i spissen enno trur at olje og gass vil vere framtida for Noreg i mange tiår framover.

Slik er det ikkje. Fossil-energien si tid er snart ute. Dess raskare vi kan setje ein sluttdato for kol, olje og fossilgass – dess større håp er det for å bremse klimaendringane og lage ei leveleg jord for våre etterkomarar. Den grøne omstillinga av samfunnet går no i eit rasande tempo. I 2019 KAN vi for fyrste gong etter den industrielle revolusjonen skape eit klimanøytralt samfunn. No er det ikkje lenger teknologien, berre viljen og det politiske engasjementet det står på.

Det ungdommen no gjer, er å ta sjølve grunntanken i Opplæringslova på alvor: Å opne dører mot framtida og verda – gjennom å ta kampen for klimaet. Ikkje noko formål kan vere meir gyldig som fråvere frå skulebenken enn det.

Les også: I dag streikar elevar i 123 land for klimaet

Svenske Greta Thunberg (16) har engasjert ungdommar verda over til å streika for klimaet. Foto: Anders Hallberg