#Metoo endrar knutereglane til russen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets kull fjernar mellom anna reglar som oppfordrar til klining med ein førsteklassing, å stirre fem minuttar på kjønnsorganet til ein annan russ, eller å ta ein lærar på rumpa, skriv NRK.

– Kvart år er det valdtekter og seksuell trakassering, og det er endå meir som er kommen fram no etter Metoo-kampanjen. Me ønskjer difor å forhindre at det skjer i år også, seier Caroline Thomessen som er visepresident i russestyret ved Greveskogen videregående skole i Tønsberg. Ho sit i hovudstyret for Vestfold-russen.

LES OGSÅ: Camilla bruker russetida si som frivillig

Press på førsteklassingar

Knutar som har oppfordra til handlingar mot eller med førsteklassingar har vore spesielt viktig å fjerne, fortel Thomessen.

– Dei kjenner nok på eit press fordi vi er eldre. Sjølv om det står i knuten at det skal vera friviljug, så kan ein ikkje garantere at førsteklassingen eigentleg ønskjer det.

Kongla består

No skal politiet sjå på russens nye reglar. Det er likevel nokre punkt som får stå sjølv om dei er av seksuell karakter. Som nummer 52; ha beskytta sex i skogen. Det gir russen ei kongle i lua.

– Vi kan jo ikkje ta bort alt som er moro. Så lenge det er friviljug er det greitt, seier Thomessen.

LES OGSÅ: Her bruker russen mest pengar