Russeservice snur – vil gje «raudruss» same pris som «rødruss»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi jobbar no fram ei løysing slik at nynorskrussen kan bestille russekort på lik linje med andre russ. Med andre ord må ikkje raudruss betale eit tillegg på hundre kroner, skriv dagleg leiar i Russeservice, Ole Jørgen Smedsrud, i ein e-post til NRK.

Tysdag meldte NRK om at Firda Målungdom reagerte på at nynorskruss må betala 100 kroner ekstra for å få logo med «raudruss» på russekorta sine. 

Kritikk frå P3-Ronny

Logoen med «raudruss» vart tilgjengeleg i 2017 etter at Norsk Målungdom la press på Russeservice. Logoen er likevel ikkje tilgjengeleg som eit standardval og raudrussen må i dag betale 100 kroner ekstra om dei vil designe eige kort med logoen «raudruss» på.

Etter å ha fått kritikk frå både Norsk Målungdom og NRK-profil Ronny Brede Aase, snur Russeservice.

På sin Instagram-konto har Firda Målungdom delt e-posten som russeleverandøren har sendt ut til alle dei som har bestilt «raudrussekort»:

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, er glad for at hans etterfølgjarar får ei nynorsk russetid til same pris som bokmålsrussen. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, er glad for at hans etterfølgjarar får ei nynorsk russetid til same pris som bokmålsrussen. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Nøgd målungdom

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, seier til NRK Sogn og Fjordane at han tykkjer det er stas at nynorskrussen no får medhald.

– Det viser at nynorskrussen som har protestert på dette har hatt ei god sak. Det viser at det nyttar å engasjere seg, og det er gledeleg.

Lurer du på korleis russekortet til Fredrik Hope hadde sett ut om han hadde fått velja «raudruss»? Sjekk Framtida.no sitt forslag her!