Tomine Berge
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

ASMR står for «Autonomous sensory meridian response», og er eit konsept som har fått mykje merksemd dei siste åra.

ASMR vert beskrive som ei behageleg kjensle, som blant anna har evna til å redusere stress. Kjensla kan tilsynelatande opplevast som ei kribling, som startar i hjernen og beveger seg ut til hender og føter. På grunn av dette vert den gjerne også kalla for «hjerneorgasme».

Les meir: Fødselsraten går ned og den seksuelle debutalderen er på veg opp. Kvifor har unge rundt om i verda så lite sex?

Asiatisk fenomen

Det er mange forskjellige ting som kan utløyse denne kjensla. Låg kviskring, lydane av kvasse negler mot ei bordplate eller høge tyggelydar er eksempel på dette noko kontroversielle fenomenet. Enkelte vel å dele inn lydane i to kategoriar; våte lydar, som smatting eller eting, og tørre lydar, som skraping eller kviskring.

ASMR oppstod i Asia, og har no spreidd seg til alle delar av verda. Det er eit nokså spesielt konsept, og det har som du sikkert skjøner vekt mykje oppsikt. Enkelte tykkjer det er heilt horribelt, medan andre elskar det. Å høyre på ASMR når du skal leggje deg skal visstnok resultere i at ein sovnar fortare, og at ein søv betre. Det er også mange som elskar å kople av med litt ASMR på øyret etter ein lang dag fylt med jobb, skule og trening. Sjølv stiller eg meg skeptisk til dette; når eg skal slappe av orkar eg verkeleg ikkje at folk skal smatte meg i øyret! Men, me er jo alle forskjellige.

Les også: Ny studie hevdar «Junk food» aukar risikoen for depresjon

Hjelp mot depresjon?

Det vert også hevda at ASMR kan hjelpe dersom ein slit med angst eller depresjon. Likevel vert det understreka at det ikkje er ein erstatning for profesjonell hjelp.

Det er gjort lite forsking på ASMR, så ingen veit heilt sikkert kvifor nokon reagerer slik dei gjer. Enkelte meiner at videoane kan minna om barndomen. Dersom du for eksempel hugsar at mor di gjorde dei same handlingane då du var barn, kan du oppleve ei roleg kjensle.

Det har i det siste vorte svært populært å lage YouTube-videoar, som har som mål å utløyse denne kjensla. Dei som lagar dei, vert på fagspråket kalla ASMR-tist, og enkelte har fleire millionar «views»!

Les også: YouTube har positiv effekt. Instagram og Snapchat er verst for den mentale helsa

https://www.youtube.com/watch?v=cZwtFEbz9jc

13 år gamal ASMR-stjerne

Sjølv om eg i utgangspunktet ikkje er ein enorm ASMR-fan, likar eg godt jenta bak YouTube-kanalen «Life with MaK». Videoane hennar er verkeleg noko for seg sjølv. Ja, ho er rett og slett ikonisk!

Også på Instagram er dette ein hit, og ein kan til stadigheit sjå slike videoar på «utforsk»-sida.

Dersom du har sett slike videoar, kven eller kva likar du? Legg att ein kommentar under, og fortel oss kva du tykkjer om ASMR!

Les også: Dansegolvet avslører dei reproduktive evnene dine, meiner forskarane bak ein ny studie