Lyden av kvinner som blir sleppte laus 8. mars

Eit mangfoldig knippe artistar som også er kvinner, vel signaltunge 8. mars for å sleppe ny musikk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Morskjærleik

Blant dei er Queendom, der Monica Ifejilika og Asta Busingye Lydersen feirar 20 år som artistar med å gi ut albumet «MamaLove».

– Dei siste åra har folk spurt: Kvar vart det av Queendom? Kva skjer? Ved sida av karrierane våre har vi halde på med den viktigaste og usynlegaste jobben i verda: MamaLove!, seier Queendom-damene.

– Etter 20 år som artistar spurde vi oss sjølv: Brenn samfunnsengasjementet framleis? Har vi noko meir å seie? Og svaret var eit rungende ja, sier Monica Ifejilika (t.v.) og Asta Busingye Lydersen i Queendom. Dermed vart albumet «MamaLove». Foto: Ivana Klavis / Handout

Dei kallar låta som gav namn til langspelaren «ein hyllest til mammaer, tanter, nabokjerringar og andre sterke damer som spreier omsorg og tøff, kompromisslaus kjærleik». Og musikken kallar dei africana, sidan dei lèt seg inspirere av både tradisjonelle og urbane musikkstilar frå Afrika så vel som europeiske og amerikansk uttrykk.

Med seg på «MamaLove» har Queendom perkusjonisten Sidiki Camara og stemmene til Admiral P, Numa Edema og Son of Light på kvar sin låt. Queendom slepper laus songane live også – rett nok veka etter: 16. mars på Riksscenen.

Les også: Nynorskplata dei prøvde å forby

Raude lepper

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss / Handout

Hilde Loise Asbjørnsen hyllar kvinnedagen med å iføre seg sin signaturknallraude leppestift og gi ut låten «Red Lips». Det er første forsmak på albumet «Red Lips, Knuckles and Bones», klart i mai.

– Eg hyllar raude lepper som eit teikn på mot og kraft. Dei gir meg lys, inspirasjon og fungerer nesten som ei uniform, seier Asbjørnsen.

Låten opnar med tekstlinja «When I put my red lips on, I can do just anything, I can start a hurricane, I can make a grown man sing». Ho kallar det ein kommentar til korleis ho trur det er mogleg å erobre alle område i livet med femininitet, sensualitet og mjuke verdiar i behald.

På sjølve kvinnedagen er Hilde Louise Asbjørnsen og band å høyre på Hamar Kulturhus.

Sigrid slår til

Sigrid har debutalbumet «Sucker Punch» klart til slepp 8. mars, og har allereie hausta gode meldingar i britiske aviser. Ho har lagt ut ein video av seg sjølv i sosiale medium der ho held opp låttitler, med orda:

– Ja, ja, eg tok med nokre av dei gamle, gode på den, men gler meg veldig til å vise dykk dei nye greiene!

Om lydbildet som er i vente seier ho til nettstaden Notion at det kort og godt «er ei oppsummering av dei siste få åra»:

– Det er som ein tidskapsel!

Ho er ute på arenaturné med George Ezra, og opptrer i Leeds på dagen.

Sult på plate

Også Maja S.K. Ratkje har fått god omtale av britane for den 8. mars-klare utgjevinga «Sult», som The Guardian kåra til månadens samtidsalbum og kallar det for «overtydande steampunksyntese». Også The Quietus rosar kombinasjonen «euforiske vokalrefreng med leikne orgelmelodiar».

Dette er altså musikken frå Jo Strømgrens Hamsun-ballett som no finn vegen ut på rillene, bokstaveleg talt – sidan songane også blir sleppte på kvit vinyl – av Rune Grammofon.

Komponisten og musikaren Maja S.K. Ratkje slik ho var å sjå på scena i Operaen i Jo Strømgren-førestillinga «Sult». No slepper ho musikken ut i albumform hos Rune Grammofon. Foto: Erik Berg / Den Norske Opera & Ballett

Ratkje var både komponist og einmannsband på Operaens scene – på eit steampunkaktig trøorgel så vel som på ei rekke sjølvkonstruerte instrument – på dei åtte oppføringane i fjor.

Ho hausta sterke godord; ein melder meinte attpåtil ho burde få hovudscena åleine for å lage ny opera åleine.

På kvinnedagen stiller Ratkje i panelet på «Syklubb fra helvete» på Trondheim folkebibliotek for å diskutere kjønn og frigjering.

Les også om bandet som tolka Munch om til musikk, og gjorde «Det syke barn» om til ei voggevise. 

Gjenkjennelege tilståingar frå Dyveke

Dyveke Kuløy byr i EP-en «Confessions» på eit liv sett gjennom hennar auge.

– Det er ei rekke tilståingar frå eit omflakkande og rotlaust musikarliv. Dei siste 15 åra har eg aldri budd meir enn tre år på same stad. Sånn har eg sett og opplevd livet frå mange vinklar, og det kan ein nok høyre i musikken. Det er ein mangefasettert EP, men så er vi jo også mangefasetterte menneske, seier ho.

Dyveke Kuløy kjem med personlege tilståinga på EP-en «Confessions», men held seg unna det private. – Folk drit i om samlivet ditt er dårleg, dei vil føle at du syng om deira samliv, seier ho. Foto: Handout

Minialbumet er spelt inn i legendariske Athletic Sound i Halden, saman med produsenten John Agnello på nytt norgesbesøk. Sjølv om tekstane er personlege, er dei aldri private. Dyveke Kuløys mål at publikum skal kjenne seg igjen.

– Det finst nok skilsmisseplater og nok overtydelege historier frå andres liv. Folk drit i om samlivet ditt er dårleg, dei vil føle at du syng om deira samliv, sa ho til NTB då langspelaren kom.

Har du lyst på fleire musikktips? Annankvar veke tipsar Urørt-vinnar Jon Olav Framtida-lesarane om kva musikk som bør lyde i våre øyrepropper.

Myra og Amanda

For dei som vil ha ein dose livemusikk med kvinnevinkling 8. mars, kan arrangementet på Melahuset i Oslo vere ei moglegheit. Der står to lovande artistar på scena:

Myra, alias Regina Tucker, som akkurat har sleppt singelen «Stylist» og varslar både fleire nye songar så vel som debutalbum i år, og Amanda Delara – nyleg Spellemann-nominert i popartistklassa.

Medan Myra byr på rap, vankar det moderne R&B/pop frå Delara.

Carina vil ha nærleik

Carina Dahl, kjent frå både «Farmen» og Melodi Grand Prix, er klar med singelen «Du og æ». Ifølgje Sony vart songen skriven inne på «Torpet Kjendis».

No håper Dahl å treffe same nerve og nærleik som ho gjorde med sin trønderske «Despacito»-cover, heiter det i pressemeldinga.

Les også: Jo Sverre valde dialekten framfor «halvdårlege låtar på engelsk»

Kjønnsblanda klasse

I kjønnsblanda klasse kan ein dessutan føye til to album frå band med kvinnelege vokalistar som også blir sleppte fredag 8. mars:

I Was A King kjem med langspelaren «Slow Century», som er deira første på fem år. Som kjent deler Anne Lise Frøkedal vokalist- og gitaristoppgåva med Frode Strømstad.

Garagepunkbandet Blomst, som har fått god respons som oppvarmarar for både The Dogs og Skambankt, har vokalisten Ida Dorthea Horpestad i front. No er dei klare med andrealbumet «Blomst IL» på kvinnedagen. Det byr ifølgje pressemeldinga på eit unikt og ærleg innblikk i kva som føregår bak smilet til ein ung vaksen.

– Vi skjuler oss bak eit glansbilde av eit plaster. Her er det berre å rive av og la det stå til, heiter det frå Horpestad, som stiller i front på sleppkonsert for «Blomst IL» på Krøsset fredag.

Bandet Blomst – med Ida Dorthea Horpestad i front – er klar på kvinnedagen med albumet «Blomst IL» og sleppkonsert på Krøsset. Bandets øvrige tre musikarar som ikkje er kvinner er Lasse Febakke, Chris Robin Omdahl og Teodor Andersen. Foto: Mille Frømyhr / Indie Recordings / Handout