Nynorskplata dei prøvde å forby

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den nynorske populærmusikken kan stundom koma frå høgst uventa hald. Du veit rett og slett aldri kven som kan finna på å laga nynorsk pop, seier platesamlar Arild Torvund Olsen.

Han er primus motor bak ei ny temautstilling om nynorsk
musikk på vinyl. Torsdag 24. januar blir utstillinga opna i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Besøk i plateheimen til Arild Torvund Olsen i samband med temautstillinga «Nynorsk vinyl». Foto Anders Aanes, Ivar Aasen-tunet

Som eit bonus-spor til utstillinga gjev platesamlaren Framtida.no-lesarane heile den utrulege historia om Dizzie Tunes-plata som kunne blitt forbode.

Den jazz- og bossanova-inspirerte plata, med arrangement av Sigurd­ Jansen, er delt i to delar: B-sida The New Sound of Folk-Music inneheld tolkingar av norske folkeviser, medan A-sida The New Sound of Edvard Grieg har tolkingar av Grieg-songar med tekstar av Garborg og Vinje.

– Oppjazzing av Grieg var nærast som tukling med nasjonalheilagdomar å rekna, so då gjekk det som det måtte gå: Det vart bråk. Ramaskrik. På departementsnivå, skriv Arild Torvund Olsen.

– For smaklaus og umusikalsk til å bli forbode

Etter brevet frå Edvard Griegs Fond, tok departementet saka og la henne fram for «det sakkyndige­ råd for ånds­verker». Dei konkluderte at plata «må ansees som krenkende­ for Edvard­ Griegs, Vinjes­ og Arne Garborgs egenart, og for innspilte verks egenart».

Men det vart ikkje noko forbod.

«Platen er som helhet­ betraktet så dilettantisk, og den sanglige utførelse så smakløs og umusikalsk at man vanskelig kan tenke seg at den vil bli tatt tilstrekkelig alvorlig til å kunne ha skadevirkninger»­, heiter det i brevet som er underteikna statsråd Kjell Bondevik og ekspedisjonssjef Enevald Skadsem

Les heile brevet under:

Les også om Moddi som har laga plate av sensurerte songar: Sensur på livet laus

Delte meiningar

Arild Torvund Olsen har leita fram meldingar av plata frå 1969. Avisene er langt meir positive enn Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Meldaren Rolf E. Schade gjev i Adresseavisen 22. mars skryt til både arrangementa, songprestasjonane til Dizzie Tunes og spelinga til dei involverte jazzmusikarane.

Signaturen B.K. i Bergens Tidende 14. mars er på si side ikkje heilt overtydd «om at det er ønskelig, enn si nødvendig, å synge og spille «Ved Rondane» med tilnærmet­ latinamerikansk beat», men han skriv likevel at plata «ligger på et etter norske forhold eksepsjonelt høyt fagmessig nivå» og at musikkarrangementa, «hva enn man måtte mene om dem kunstnerisk sett», i alle fall får «utredet alle sine intensjoner på markant, presist og klangfullt vis.»

Ikkje første gong

Dizzie Tunes har spelt inn fleire songar på nynorsk. Den sjølvtitulerte debut-LP-en deira inneheld to songar­ med tekst av Hartvig Kiran.

Og då Vestlandsduoen song seg inn i radioane kringom i landet med slagerane «Takk og pris» (1968) og «Det sa presten ikkje noko om» (1969), var det Yngvar Numme frå Dizzie Tunes som hadde­ skrive dei nynorske tekstane. (Yngvar Numme er far til Thomas Numme, kjent som programleiar for Senkveld på TV2 gjennom fleire år.)

Sjå Kari og Ivar Medaas syngja «Det sa presten ikkje noko om» saman med CC Cowboys:

Les også om systrene som alltid har spelt saman: Frå Munch til tamilsk voggesong

Fakta: Dizzie Tunes

  • Revygruppa var blant dei største underhaldningsartistane og kjendisane i Noreg på 1970-, 1980- og 1990-talet.
  • Dei har stått for nokon av dei største revysuksessane på norsk scene.
  • To år etter debuten deira på Chat Noir kom dei med plata «The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music».