Tenner varde for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja: Eit tydeleg signal til Arbeidarpartiet
AUF er eitt av 18 parti og lag som laurdag skal delta i den landsdekkjande markeringa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– For tiande året på rad arrangerer vi vardebrenningar over heile landet for å gje Arbeiderpartiet eit tydeleg signal om å snu i spørsmålet om oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.
Det seier Odd Arne Sandberg, Gaute Eiterjord og Silje Lundberg i ei pressemelding. Leiarane i høvesvis Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, Natur og Ungdom og Naturvernforbundet.
Arbeiderpartiet må lytte til grasrota
Dei har gått saman for å sende ein felles beskjed til Arbeiderpartiet i førekant av landsmøtet i april om at partiet no bør seie ja til eit oljefritt LoVeSe:
– Lytt til forskarar, fiskarar og grasrota i partiet.
Nyleg gjekk begge fylkeslaga Innlandet og Møre og Romsdal Arbeiderparti inn for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Det tyder at 10 av 15 fylkeslaga til Ap går imot konsekvensutgreiing i området. AUF går hakket lenger, og gjekk på landsmøtet i fjor inn for ei styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035.
Meir enn 50 stadar i landet skal delta, og nokre vardar vil også verte tende utanfor norske grenser: