Skal bruke 1 million kroner på å forlenge skisesongen

Pilotprosjektet «Norske skispor» har fått éin million kroner til arbeidet for å forlenge skisesongane i Noreg. Løypekøyrarmiljøa skal utveksle kunnskap.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Nationen skal prosjektet bidra til at fleire kan oppleve lengre skisesongar enn dei normalt ville fått. Frykt for at klimaendringar kortar ned skisesongen skal ha bidratt til å få fart på planane, og eit varmare klima vil utvilsamt skape store utfordringar for skikulturen i åra framover.

– Skikulturen er ein viktig del av norsk friluftslivstradisjon. Det vil derfor vere av stor verdi om vi gjennom deling av kunnskap kan utvide skisesongen, seier leiar Ketil Kjenseth (V) i Stortingets energi- og miljøkomité.

Les også: Mildt «påskevêr» har vorte den nye normalen i vinterferien

Samlar kompetansen

Skiforeningen har i fleire år arbeidde for å samle kompetanse om korleis løyper med lite snø kan preparerast og korleis løypene kan halde seg lenger i sesongen. Slik kunnskap skal utvekslast gjennom det nye prosjektet.

– Eit mål for det nyetablerte nettverket er at vi gjennom gjensidig kompetansedeling i løypekøyrarmiljøa kan bidra til å sikre skispor og skiglede – både no og i framtida, seier generalsekretær Erik Eide i Skiforeningen.

Les også: NASA har oppdaga gigantisk holrom i ein av verdas viktigaste isbrear