Mildt «påskevêr» har vorte den nye normalen i vinterferien. Fleire stader er det allereie bart og i skispora er det klisterføre.
NPK-NTB-Synne Lykkebø Hafsaas
NPK-NTB-Synne Lykkebø Hafsaas

Du har kanskje lagt merke til at lufta er mildare. Kanskje har du allereie bytt ut den tjukkaste boblejakka, men ein tynnare variant.

Vinterferien er i full gong i delar av landet, men vinterkjensla stadig meir fråverande. Og mildare skal det bli. Det er venta over ti grader inn mot helga fleire stader. Dei milde luftmassane vil føre til snøsmelting, som vil merkast i skitrekka i den sørlege delen av landet.

– Dette liknar meir på vêret vi ser i påskeferien, der snøen har byrja å smelte og det er bart fleire stader, fastslår vakthavande meteorolog Aslaug Skålevik Valved til NTB.

Snøgrensa er no på 800–1.000 meter, som står i kontrast til snøen som har lege over låglandet den siste tida.

Les også: Varmerekordar førte til at norske isbrear minka med 33 meter i 2018

– Vinterferien overtek påskeferien

– Februar har vore uvanleg varm, bekreftar klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt til NTB.

– Samtidig har vinteren på Austlandet vore uvanleg mild kvart år dei siste fem åra. Det gjer at vinterferien overtek som utfartsperiode, fordi det er betre snøforhold då. Når påsken først kjem er det varmt og lite snø.

For ti år sidan var det til samanlikning minus fire grader og opptil 67 centimeter snø mot slutten av vinterferieveka i Oslo

– Det er naturleg å sjå dei milde vintrane i samanheng med global oppvarming. Generelt reknar vi med milde vintrar framover. Berre no og då vil vi få vintrar av god, gammaldags kaliber, seier Mamen.

Han legg til at det vart sett nye varmerekordar for februar i Hordaland og Oppland fredag i førre veke. Då vart det målt 14,3 grader i Etne og 13,3 grader på Bjorli. Same dag vart det målt heile 17,6 varmegrader på Linge i Møre og Romsdal, men det var ikkje rekord.

Les også om Longyearbyen der vintertemperaturen har stige med meir enn ti grader dei siste 30 åra: – Kvar enn eg legg blikket i omgjevnadane så finst det tydelege spor av at vi har eit varmare klima

Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Foto: Bente Kjøllesdal

Tidleg klistersesong

Fleire stader på Austlandet har mange allereie funne fram klisteret til langrennsskia.

– Det er ikkje heilt uventa, men det er kanskje litt tidleg, seier løypesjef Hege Blichfeldt Sheriff i Skiforeningen.

– Milde dagar og kalde netter gjer at vi får grov snø og eit hardt og isete føre. Vanlegvis går folk over til klister i slutten av februar eller i starten av mars. Først då er det oftast varmare enn null grader.

Les om lokal klimarisiko og klimaløysingar her. 

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE