Kven er eigentleg morgondagens heltar?

Gudmund Skjeldal, stipendiat ved Norges idrettshøgskole
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert i Energi og Klima.

Forfattar og idrettshistorikar Gudmund Skjeldal kritiserer Norges Skiforbund for å kvitvaska oljenæringa. Foto: Ellen Lande Gossner/ Cappelen Damm

Du har sikkert fått det med deg, eller ikkje klart å unngå reklamen: Equinor støttar morgondagens heltar. Dei sponsar VM-sendingane til NRK frå Seefeld, dei har ein norgescup for langrennsjuniorar kalt opp i sitt namn, dei støttar også unge talent i kultur og i realfaga. Du har ei stygg aning om kvifor petroleumsverksemda gjer det.

Namneskiftet frå Statoil har ikkje endra på eit faktum: Det er eit olje- og gass-utvinnande selskap som driv på som før. På kapitalmarknadsdagen i London ganske nyleg, der Equinor-leiinga presenterte resultat og satsingar for investorar og analytikarar, var fornybarsatsinga gøymt bort i segmentet «Other». Sanninga, som Anders Bjartnes skriv, er at Equinor så langt har bygd opp ein ganske avgrensa portefølje innan offshore vind, supplert med eit par solparkar.

Reklamen deira skal ha oss til å tru noko anna.

Equinor er ikkje på lag med framtida til ungdommen – slik som verksemda styrer og siktar no

Politisk sett er det heller ikkje tvil om kva Equinor ønskjer seg. Nye område å bora i: Dei såkalla lovande områda utanfor Lofoten, Vesterålen & Senja, og så langt nord og nær iskanten i Barentshavet som råd. Slik uttalar sjefen Eldar Sætre seg, og slik har han bransjeorganet og lobbyisten Karl Eirik Schjøtt-Pedersen til å arbeida for seg inn mot politikarane.

Les også: 10 av 15 fylkeslag i Ap vil avlysa LoVeSe

Og mot opinionen: lovande og uskuldsreine talent som skiløparen Kristine Stavås Skistad. Ho skal ta over når heltane Johaug og Caspersen Falla legg opp. Equinor tryggar og sikrar framtida hennar. Sjå til dømes den sponsa artikkelen i Aftenposten. Ja, Equinor er sjølv ei framtid å satsa på for unge realfagstalent.

Endå framtida alt er høgst utrygg, på grunn av klimaendringane våre. Endå all den olja og gassen Equinor vil ha fatt i, må bli liggjande om oppvarminga av kloden skal begrensast til eit vonleg moderat nivå. Equinor er ikkje på lag med framtida til ungdommen – slik som verksemda styrer og siktar no. Equinor er ein fiende av morgondagen meir enn Equinor er ein ven.

Les også: Nordmenn er uroa for skiføret i framtida

Under okkupasjon 1940–1945 valde norsk idrettsungdom å legga aktiviteten sin ned. Om somrane spelte dei ikkje fotballkampar mot den tyske vernemakta, og dei øydela hoppbakkane sine for vintrane. Skirenn heldt dei langt til skogs, der fanene og soldatane til okkupanten ikkje fann fram. Hitlers Tyskland og Quislings NS tapte den propagandakampen i Norge. Idrettsboikotten er blitt kalla norsk idretts største siger – og er mykje større enn alle Norges gull, både Dæhlies og Svindals og Bjørgens og Johaugs triumfar, i vinteridrettssamanheng.

Det fanst ein gong eit tak for norsk petroleumsproduksjon

Kan ein venta at Norges Skiforbund boikottar Equinor på same måten no? Du vil kanskje tenkja at parallellen er for hard. Equinor er ikkje ein fiende som kjem med krigsskip og med svarte uniformar, Equinor er ei verksemd som gjev både verdfull energi og mange arbeidsplassar, Equinor er naboen din og skikameraten min som pendlar til Oseberg C. Eg meiner ikkje å samanlikna Equinor med Hitlers regime direkte, eller med krigsprofitøren IG Farben.

Les også om pilotprosjektet «Norske skispor» som har fått éin million kroner for å forlenge skisesongane!

Likevel. I ein viss forstand har Equinor okkupert tankane til mange politikarar, og lamma mange som ikkje ser andre næringsvegar. Når Eldar Sætre og Karl-Eirik Schjøtt Pedersen ber om nye leiteområde for borekronene og ingeniørane sine, då gløymer altfor mange at det dei ber om er eit fortsatt ekstremt høgt utvinningstempo.

Norsk oljeverksemd var ikkje alltid så oppjaga. Leit tilbake til 1989 og sjå. Det fanst ein gong eit tak for norsk petroleumsproduksjon.

Forfattar Gudmund Skjeldal kritiserer ikkje utøvarane sjølv, men meiner Equinor ikkje støttar skiheltar som Kristine Stavås Skistad si framtid, slik dei hevdar. Faksimile: Aftenposten

Eg ventar ikkje at Kristine Stavås Skistad skal lesa seg opp på norsk oljehistorie og klimaproblematikken, som tangerer kvarandre akkurat og underleg nok i 1989. Men vi må kunna krevja Norges Skiforbund til rekneskap for meir enn berre medaljar, når dei vel ut sine sponsorar og lagkameratar.

Skiforbundet treng først og fremst kuldegrader for å sikra framtida for idretten

Norsk idrett har ein arv å ta vare på. Skiforbundet lever av snø, ikkje av olje. Skiforbundet treng først og fremst kuldegrader for å sikra framtida for idretten sin, ikkje millionar for å reisa dit breane enno ikkje har smelta. Norges Skiforbund kan ikkje vera med å kvitvaska ei verksemd som slett ikkje tryggar framtida for heile kloden.

Kven er eigentleg morgondagens heltar? Det er alle dei som viser veg ut av fossilavhengigheita vår i dag.

Her kan du sjå reklamevideoen til Equinor: