Nordmenn bekymra for skiføret i framtida
I ei ny gransking oppgir halvparten at dei er bekymra for skiføret i framtida grunna klimaendringane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Varmare klima gjer at vi dei neste 100 åra vil få kortare snøsesong over heile landet enn det vi har i dag. Endringane vil vere størst i låglandet, som kan få opptil fleire månader kortare snøsesong fram mot 2100. Den største reduksjonen vil finne stad i høgareliggjande område på Vestlandet og i Nordland, og på kysten av Troms og Finnmark.
Dette uroar nordmenn, skal vi tru ei gransking Ipsos har gjennomført på vegner av paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv.
Halvparten av dei spurde er bekymra for skiføret i framtida med tanke på mildare vintrar. Oslo er den landsdelen der folk er mest bekymra, her svarte 58 prosent ja på spørsmålet om dei uroar seg for skiføret i åra framover. Kvinner bekymrar seg meir enn menn; 57 prosent av kvinnene svarte ja, mot 43 prosent av mennene.
Generalsekretær i Norsk Friluftsliv Lasse Heimdal forstår godt at folk uroar seg:
– Skigåing er ein viktig del av det norske friluftslivet, men varmare klima vil gjere at vi får kortare snøsesong over heile landet enn det vi har i dag. Ski er ein viktig grunn til at vi kjem oss ut og er i bevegelse i ei elles mørk vinterstid, så det er klart det er trist at sesongen vert kortare, seier han.