Er ho den nye hovudkarakteren i «Lovleg» ?

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidligare i haust kunne NRK P3 bekrefte at det kom ein sesong 2 om hybellivet på Sandane. Som vanleg er serieskaparane ganske løyndomsfulle, og kunne ikkje avsløre meir enn at serien starta ein gang på nyåret.

På nettstaden Lovleg.P3.no natt til fredag har det kome eit klipp som avslører at serien skal starte opp igjen 1.februar.

Må vente å sjå

– Vi kan seie at det byrjar då, og at det er mange av dei same skodespelarane, seier Melike Leblebicioglu, prosjektredaktør i NRK P3 på telefon til Framtida.no.

– Mange av dei same skodespelarane? Vil det seie at det kjem nye òg?

– Det er alltids nye folk, seier ho.

– Kva med tematikken?

– Det er mykje den same tematikken frå første sesong. Forelskelse, og slikt.

– Og kven er hovudrolla denne sesongen?

– Hehe, vi må nok berre vente å sjå.

lovleg

Gunnhild har bekrefta sjølv at ho er med i den andre sesongen av Lovleg. Foto: Rubicon TV/NRK

I januar bekrefta «Gunnhild» til NRK Sogn og Fjordane at ho var med vidare i sesong 2. 

Men ho har eit tips til dei som ikkje greie å vente ei heil veke:

– Følg med i kommentarfeltet. Eg trur folk kjem til å tolke mykje ut i frå promo-videoen

Les også intervju med manusfortattaren Kjersti Wøien Håland som har skriv «Lovleg».

Heitt i kommentarfeltet

Fansen har allereie spekulert om det kan vere Ingrid Kayser som spelar «Luna» som er hovudkarakteren denne sesongen. Dei har blant anna to gode observasjonar.

1. Promo-videoen er i svart-kvitt. Det er òg alle bildene på «Luna» sin instagramprofil.

lovleg

Foto: skjermdump frå Instgram

2. Instagram-namnet hennar er «Kjottflue». Om du går inn på menyen på Lovleg-sida ser du at markøren til datamusa er ei fluge.

lovleg

Foto: skjermdump lovleg.p3-no

 

Kven trur du får hovudrolla i sesong 2 av Lovleg?

Kven trur du får hovudrolla i sesong 2 av Lovleg?

Gunnhild, igjen89
Sara28
Luna126
Ein heilt ny karakter6
Svar totalt: 249

 

 

Les også intervju med NHFU-leiar Tamarin Varner som meiner at ein ikkje kan utelukke ei gruppe, og ønsker sterkt ein karakter med funksjonsnedsetting i «Lovleg».