Frå plastversting til resirkuleringsgigant

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Globalt reknar ein med at over 10 millionar tonn plastsøppel endar opp i hava kvart år.

No vil nokre av verdas største selskap, og tidlegare plastsyndarar, sørgje for plast med deira logo ikkje lenger endar opp i strandkanten.

Saka var først omtalt av CNN

Frå resirkulering til gjenbruk

Tom Szaky utfordra plastverstingane og gav dei ein sjanse til å betre vanane. Foto: TerraCycle.

Torsdag vart Loop lansert under Verdas økonomiske forum (WEF) i Davos. Eit prosjekt som skal gje forbrukarar eit alternativ til resirkulering: Gjenbruk.

Loop vil minimere mengda plast som ender opp i havet, ved å minimere mengda som er i omløp. Må appelsinjusen kome i ei plastflaske og frokostblandinga vere pakka i plast? Nei, seier Loop.

Det er resirkuleringsfirmaet TerraCycle og dagleg leiar Tom Szaky som er hjernen bak prosjektet. Med på laget er ei rekke internasjonale selskap som Nestlé, PepsiCo, Procter & Gamble, Unilever, Danone, Mars Petcare, Mondelez International og Coca-Cola European Partners.

Selskap som i fjor haust også dukka opp på Greenpeace si liste over verdas verste plastforsøplarar.

Dei har tenkt nytt om korleis dei pakkar inn nokre av produkta sine. Til no har rundt 300 varer fått ny innpakning – frå plastemballasje til materiale som kan brukast på nytt.

Dette er nokre av produkta som har fått ny emballasje, som kan verte brukt opp att. Foto: Loop.

Les også om klesleige i Noreg: – Fleire og fleire innser at dei ikkje treng å eige

Moderne mjølkemann

Nettsidene til selskapet skildrar Loop som «mjølkemannen skapt på ny».

Mjølkemannen kjem ikkje lenger med mjølk, men med shampoo, deodorant og barberhøvlar. Foto: Loop.

Kunder bestiller varer på nett og får dei levert på døra. Men når shampoo-flaska er tom eller Cola-flaska drukka opp, så ryk dei ikkje rett i boss. Då bestiller ein gratis henting. Då vert dei tomme behaldarane vaska, fylt opp på ny, og sendt vidare til neste kunde.

Bebuarar i New York og Paris kan allereie i mai prøve den nye tenesta, medan innbyggjarar i London, Toronto, Tokyo og California skal følgje etter, men lyt vente til hausten eller neste år.

Per no er det ingen kjende planar om å utvide Loop-tilbodet til Noreg, men spor av TerraCycle finst også innanfor norske grenser. TerraCycle samarbeider nemleg med Tassimo og Nescafé om å gjenvinne kaffikapslar over heile landet.

Til våren kan folk i Paris bestille appelsinjusen sin i glassflasker, og frokostblandinga i stålboksar.

Les også: Kva kan vi gjere med plast i havet?