Insekt-drit fargar Taj Mahal grønt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Drit frå insekt er i ferd med å farge det berømte mausoleet grønt.

Indiske styresmakter granskar no kva som kan gjerast for å beskytte «kjærleikstempelet» mot den nye faren.

Miljøvernarar legg skulda på Yamuna-elva som renn bak Taj Mahal, der vatnet er alt anna enn reint og algeveksten stor. Det har ført til eit yrande insektliv.

– Det er tre typar insekt som ynglar i det stillståande og forureina vatnet i Yamuna som skaper problema, seier miljøvernaren DK Joshi.

– Dei blir tiltrekte av det kvite skinet i marmoren, og svermane etterlèt seg grøn-svarte ekskrement som misfargar dette historiske monumentet, seier han.

Styresmaktene har frå før forbode kolfyring i nærleiken av Taj Mahal. (©NPK)

LES OGSÅ: Laga Taj Mahal av peparkaker