Sjå videoen: Svart snø i Sibir
Det er ikkje mykje som minner om vinteridyll når kolstøv frå opne gruver fargar omgjevnadane svarte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I det russiske Kuzbassområdet i Sibir er vinterlandskapet prega av eit svart teppe: Kolstøv frå dei mange kolgruvene.
– Det er vanskelegare å finne kvit snø enn svart snø om vinteren, seier Vladimir Slivjak til The Guardian.
Han er medlem av miljøorganisasjonen Ecodefense. Slivjak fortel vidare at det er mykje kolstøv i lufta året rundt, men at snøen no gjer det synleg.
Les også: Fleire tusen vil lenke seg mot gruvedrift i Repparfjorden
Uspesifiserte verksemder
Ifølgje den engelskspråklege avisa Siberian Times, seier direktøren for kolannlegget i Prokopjevskaja, Anatolij Volkov, at den svarte snøen skuldast eit øydelagt skjold som gjorde det mogleg for kolpulver å sleppe ut i atmosfæren.
Viseguvernøren i Kemerovo-regionen, Andrej Panov, seier på si side at kolindustrien åleine ikkje er skuld i den svarte snøen, men at også forureining frå transport og uspesifiserte verksemder kan vere årsaka.
Les også: Dette faget skal bu elevane på hundreårets krise
Helsefarleg støv
Ifølgje The Guardian seier miljøaktivistar at støvet inneheld ei mengd farlege tungmetall, inkludert arsenikk og kvikksølv, og at kolgruvene har store følgjer for helsa til dei 2,6 millionar innbyggjarane i regionen. Forventa levealder i regionen er tre til fire år lågare enn elles i Russland, samstundes som kreft, cerebral parese hjå born og tuberkolose førekjem oftare i Kuzbassområdet enn landsgjennomsnittet.
Den britiske avisa påpeiker at miljøproblema vert forsterka av at kol vert lest på opne togvogner for eksport, og at vind og regn spreier støvet under transporten. Kritikarar hevder vidare at myndigheitene ser mellom fingrane med rutinebrot og sikkerheitsreglar.
I snøen står det skrive «hjelp»:
Is this what snow looks like in hell? EERIE BLACK SNOW falls in Siberia, Russia #snow #black #pollution #Russia https://t.co/szVuJz0TVg via @Strange_Sounds pic.twitter.com/IVCoxDU3f1
— Strange Sounds (@Strange_Sounds) 15. februar 2019