For å bli verdsmeister må ein ofre ein heil del

Christian Wiik Gjerde
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid vore eit atletisk barn. Begge foreldra mine var idrettsutøvarar, så eg kom frå ein aktiv familie. Det var heilt naturleg for meg å vere i aktivitet, seier Kine Olsen.

Ho er ein av dei som stadfestar 10.000 timar-regelen, som vart utvikla av den svenske professoren i psykologi, Anders Ericsson. Han rekna ut av det krevst 10.000 timar for å kunne bli best i verda. Det vil seie tre timar i snitt kvar dag – i ti år.

Talent har mindre å seie enn viljestyrke og uthald, ifølge professoren.

Les også: Håvard (15) er Årets fotballtalent: – Eg fekk heilt sjokk

Timesvis med terping

For å lykkast må dette på plass:

  • Det fysiske: Kroppen er instrumentet du må bruke for å nå målet. Den må vere topptrent, om det gjeld fotball eller eit instrument du skal bli god i. Kroppen må fungere.

  • Det mentale: Motivasjon frå foreldre og trenarar er viktige faktorar. Veit du sjølv kva som må ofrast for å kome dit du vil? Er du klar til alle timane med øving eller trening?

  • Det taktiske: Kva og korleis du skal nå målet er viktig. Den taktiske biten er like viktig som det fysiske og mentale.

  • Det tekniske: Terping og atter terping er nøkkelen. Øving gir meister!

– Då eg starta med cheerleading hadde eg nok eit godt grunnlag for å kunne bli god. Eg vil derfor tru at eg har rundt 10.000 treningstimar bak meg.

Som barn gjekk Olsen på mange ulike aktivitetar. Mellom anna symjing, turn, ski og fotball. Men då ho var 11-12 år slutta ho med alt av aktivitetar og satsa berre på cheerleading.

Les også reportasjen om handballspelaren Maren Hilde Verlo som i mars skal spele om gull for Noreg: – Det følast stort!

Venner kom i andre rekke

Foto: (Foto: Toke Riskjær, Rubicon TV/NRK)

For å bli verdsmeister må ein ofre ein heil del, men for Olsen var det ikkje vanskeleg. Sporten ho heldt på med gav henne ei enorm glede.

– For meg var cheerleading det viktigaste. Eg ofra alt det sosiale livet på ungdomsskulen. Noko som kanskje var avgjerande for at eg blei så god som eg blei. Men eg vil ikkje kalle det eit offer. For meg var det ei glede å få drive med det eg likte aller mest.

24-åringen hadde støttande foreldre som køyrde henne på trening og heia henne fram. I tillegg hadde ho nokre venninner som var der for henne. Men for Olsen var cheerleading viktigast.

– Heldigvis var idretten min ein lagidrett, så eg fekk bestevenner på laget som eg fekk oppleve heilt vanvittig mykje moro saman med. Vi blei som ein familie.

Les også: Caroline Piasecka fekk betalt utdanning med idrettsstipend i USA

Den uorganiserte treninga er viktig for å bli best

For å bli verdsmeister meiner 24-åringen at det ikkje var nok å trene berre på dei oppsette timane med trenaren.

– Eg «hang i hallen». Det var noko med det å vere der før treninga starta, og bli igjen etter at trenaren gjekk. Det var då venninnene mine og eg fekk terpe og trene for å bli best.

Verdsmeiteren har også nokre tips for andre som vil verte like god:

  • Det er brutalt å seie det, men du må gi – og ofre alt! Du må kanskje ofre bursdagen til klassevenninna di for å vere med på treninga.

  • Den uorganiserte treninga er viktig for å utvikle deg.

  • Finn ein sport som du får glede av.

Foto: (Foto: Toke Riskjær, Rubicon TV/NRK)

Les også: Magnus (18) var dataslask – blei superrask