Lykka er ein pose på magen

Vilde Kjetilsdotter Storebråten (24) har all grunn til å vera oppgitt over kroppen som kranglar. I staden smiler ho, er takksam for alt som er fint – og ler så det ristar i posen på magen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er publisert med velvilje frå Hallingdølen.no. Heile saka og video kan du sjå der.

For eit par veker sidan vart stomiopererte over heile verda rysta av nyheita om vesle Seven Bridges (10) frå USA. Guten som tok sitt eige liv etter å ha blitt mobba for å ha pose på magen.

Vilde Kjetilsdotter Storebråten (24) viser gledeleg fram stomiposen sin. Ho håpar større openheit og meir kunnskap kan bryte ned tabu knytt til kvardagen med pose på magen. Foto: Caroline Utti

#bagsoutforseven

No lyftar stomiopererte på genseren og viser fram posane sine på Instagram, under emneknaggen #bagsoutforseven.

Til no er det delt nær 1500 bilete. Målet er å fjerne tabu, og normalisere ein tilstand som er meir utbreidd enn folk kanskje trur. Det er lett å frykte ting ein ikkje veit så mykje om.

Ei av dei som brenn for å gje kunnskapsløysa eit spark bak er Vilde Kjetilsdotter Storebråten (24) frå Gol.

– Eg vart både rysta og lei meg då eg høyrde om Seven. Han gjekk gjennom så mykje – 26 operasjonar, og så vart han mobba for noko som gav han livet. Eg skulle ynskje han hadde hatt nokon rundt seg som kunne seie «det kjem til å ordne seg», seier Vilde.

Ho bremsar ned, og trillar sakte inn mot eit vegkryss i Lillehammer sentrum. Når eg spør korleis ho reagerte på nyheita om Seven, blir ho stille eit sekund. Eit langt sekund til Vilde å vera.

– Det er lett å fyrst føle seg åleine når ein får stomi. I verkelegheita er me mange. Men det er tabu å prate om det. Alle har me fått livet i gåve – og eg elskar stomien min.

Les også om Maria som mista håret på grunn av alopecia: – Folk har ropt etter meg på gata

Sjarmen med tarmen

Vilde var ferdig utdanna barnevernspedagog sommaren 2017. To dagar etter avslutningsfesten begynte tarmane hennar å blø.

Fyrste legeundersøking viste 12 centimeter med betennelse i tjukktarmen, noko som igjen gav utslag i minst 15 toalettbesøk kvar dag.

I perioden november 2017 til august i fjor låg Vilde kring fem månader på sjukehus. Undervegs i utgreiinga for tarmsjukdomen var ho gjennom både blodforgifting og blodpropp, og ei tid på isolat med norovirus.

15 toalettbesøk i døgnet vart til 30. Til slutt fekk ho diagnosen ulcerøs kolitt. Og i juni fekk ho utlagt tarm, eller stomi. Då ho vart operert var det ikkje lenger «berre» 12 centimeter av tjukktarmen som var betent, men heile tarmen på kring halvannan meter.

– Eg har vore bekymra for å ikkje overleve. Eg har grått, vore både lei og deppa. Men livet er jo så mykje meir enn det som er tungt. Og eg har opplevd så mykje velvilje – frå både helsepersonell, familie og folk omkring meg. Det er det som gjer at ein orkar, smiler Vilde.

Eg elskar stomien min. Den har gjeve meg livet i gåve, seier Vilde Kjetilsdotter Storebråten. Foto: Caroline Utti

Barnebursdag og panoramautsikt

Vilde låser opp døra til einebustaden på Lillehammer, langt oppi ei li utanfor sentrum. Den kronglete tilkomsten er tilnærma lik som der ho har vakse opp, ovanfor Robru i Gol.

Få naboar og fin utsikt. Ho likar det slik. Her bur ho med sambuaren Tommy og vekselvis tre bonusbarn. Dei har nettopp feira barnebursdag. Vilde åtvarar mot mogleg barnebursdags-rot, og flirer medan ho nektar meg å ta bilete av etterraksten på kjøkkenet.

Ved ein ileostomi blir tjukktarmen fjerna, medan tynntarmen blir “kopla om”, og ført ut til overflata av huda som ein kunstig kroppsopning. For Vilde er stomien også barnebursdag, kvalitetstid med familien, fysisk aktivitet og etter kvart arbeidskvardag. Livet i gåve, som ho sjølv seier.

– Tenk berre at no kan eg sitje her med deg og drikke kaffi, i staden for å sitje på do.

Vilde Kjetilsdotter Storebråten vart rysta då ho høyrde om den amerikanske guten Seven Bridges (10) som tok livet sitt etter å ha blitt mobba for å ha pose på magen. Ho er ein av mange som no vil ta eit oppgjer med tabu knytt til stomi.Foto: Caroline Utti

Fem nissar på lasset

Vilde har i alt fem kroniske diagnosar. Ho har forstøvar for astmaen, krykker for leddgikta og pose for tarmen. Men ho har også uvurderlege foreldre, eit nyfødd tantebarn, verdas finaste gommo i Vats og ein sambuar som får henne til å le kvar dag – trass i at det elles har vore eit ræva år, bokstaveleg tala. Og dess meir ræva livet har vore, dess meir har Vilde lært å setje pris på dei små tinga.

– Når eg seier eg har fem kroniske diagnosar, så svarar folk ofte med «å, du har så mykje meir enn meg. Eg har ingenting å klage over», seier Vilde. – Ikkje det mest oppløftande, legg ho til.

Så ler ho. Så høgt og hjarteleg at ein ikkje kan anna enn å trasse alvoret og le sjølv.

– Dei er ikkje slik at dei fem diagnosane er fem nissar på lasset som gjer livet tungt. Folk brukar å seie at dei har «ein plan b». Eg har også ein plan c, d, e, f og g.

Apropos plan «a».

– Eg hugsar ein gong eg låg på sjukehus, før eg fekk stomi. Eg kjente meg endeleg frisk nok til å ta ein tur ut med rullator. Eg kom meg eit stykke ned gågata før uhellet var ute. «Der ja. Der dreit du på deg. Godt at det berre tek 30 minutt å kome seg tilbake». Alt i alt konkluderte eg med at det var sol og sjukt fint vêr, og at det gjeld å alltid ha med seg reservebleie, flirer Vilde. – Eit godt døme på korleis stomi gjev deg livet tilbake.

«Hei, det er Vilde»

– For meg er ikkje pose på magen så «big deal», det er verre med alt rundt. Endra utsjånad og andre operasjonar. Det er litt som å vakne opp dagen etter ein barnebursdag, berre heile tida. Du lyftar på bordduken og der ligg det plutseleg kakerestar, liksom.

Stomiposar kjem i mange fargar, fasongar og størrelsar for å passe ulike livssituasjonar.Foto: Caroline Utti

No verkar kroppen betre enn på lenge. Men plutseleg væskeansamling og vektauke som følge av medisinering har vore ei ekstra belastning det siste året. Og på mange måtar stikk dét djupare i sjølvtilliten enn posen på magen.

– Dette med utsjånad er vanskeleg. Eg har gått opp 40 kilo, og såleis endra meg mykje. Ein merker jo at ein blir skanna frå topp til tå, og somme gonger får ein lyst til å seie «nei, eg har ikkje lege på sofaen og ete sjokkis i eit år». Eg kvir meg for å møte kjentfolk når eg er heime i Hallingdal. Sjølv om det er fullt forståeleg, så er det ubehageleg når folk ikkje helsar. Og når eg må seie «hei, det er Vilde. Vilde Storebråten», fordi folk ikkje kjenner meg att.

Ho let meg kjenne på den tynne huda på magen. Raud-lilla striper på kryss og tvers. Krigsskader. Vilde har vore ute i krigen og kome heim sigrande. No går det rett veg, sjølv om ting tek tid.

Det kjem stadig nytt stomiutstyr på marknaden. Det siste store er løysingar som er meir hudvennleg og som betre passar ulike kroppsfasongar. Som til dømes denne konkave posen, som lettare formar seg etter magen.Foto: Caroline Utti

– Eg kimsar ikkje at av folk skammar seg over stomien sin. Det skal ein ha respekt for. Sjølv om eg ikkje skammar seg over stomien min, så kan eg til dømes kjenne på at eg skammar seg over utsjånaden.

Ein ting er korleis andre oppfattar deg, ein annan ting er korleis ein oppfattar seg sjølv. Det siste er langt på veg det viktigaste. Men dei to heng i hop, og såleis er det ikkje så lett å tenkje godt om seg sjølv om ein føler at resten av verda skannar ein frå topp til tå. Difor håpar Vilde at ho ved å fortelje si historie kan vera med på å fjerne tabu knytt til både stomi og kropp. At auka kunnskap hjå massane kan gjera det lettare og at stomiopererte skammar seg litt mindre.

Les heile saka og sjå video hjå Hallingdølen.no!

Stomi

  • Ei kunstig kroppsopning der tarm eller urinveg er ført ut til overflata av huda
  • Målet er å erstatte eller avlaste eit sjukt organ, ved å føre avføring eller urin ut gjennom stomien
  • Kan vera midlertidige, som avlastning for tarmen, men det er vanlegast med varige stomiar
  • Har rund eller oval form, er 1 – 3 centimeter lang og har ein frisk raudaktig farge. Utsjånaden kan samanliknast med munnslimhinna
  • Har ingen nerveender, og difor kjenner ein ikkje korkje smerte eller andre kjensler i stomien
  • Mangel på nerveendar og lukkemuskel gjer stomien inkontinent. Dette er grunnen til at stomiopererte alltid må beskytte huda med ein pose som samlar opp tarminnhald eller urin
  • Stomioperasjonar kan skuldast kreft, medfødde misdanningar, skader og kroniske tarmbetennelsar som Chrons sjukdom og ulcerøs kolitt.
  • Det er kring 8-10.000 stomiopererte i Norge

(Kjelde: Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer (lmfnorge.no) og apotek1.no)