15 måtar klimaendringane kan råke Svalbard på

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 09.03.2019 21:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

44 leiande forskarar har vore med på å lage rapporten «Climate in Svalbard 2100». Rapporten tek føre seg kva klimaendringar vi kan vente på Svalbard i åra 2071–2100 dersom utsleppa av klimagassar held fram med å auke (høge utslepp), eller blir reduserte først etter 2040 (middels utslepp).

Les også: Klimaendringane kan få dramatiske følgjer for Svalbard si befolkning

Temperaturen stig:

  • Årstemperaturen kjem til å auke med 10 grader ved høge utslepp, og med 7 grader ved middels utslepp.

Det vert meir og kraftigare nedbør:

  • Årsnedbøren kjem til å auke med 65 prosent ved høge utslepp, og med 45 prosent ved middels utslepp.
  • Episodar med kraftig nedbør kjem til å komme hyppigare og bli meir intense.
  • Vassføringa i elvane på Svalbard vil auke. Kor mykje kjem an på kor mykje nedbøren, temperaturen og bidraga frå bresmeltinga aukar.
  • I område der det er venta reduserte snømengder, ventar forskarane mindre snøsmelteflaumar.
  • Auka nedbør, og ein aukande del som regn, vil gi fleire og større regnflaumar og kombinerte snøsmelte-/bresmelte- og regnflaumar.
  • Snøsesongen vil bli kortare.

Det vil kome fleire skred:

  • Erosjon og sedimentstransport vil auke.
  • Permafrosten blir varma opp over heile Svalbard, og dei øvste meterane av permafrosten kjem til å tine i kyst- og lågareliggande område (for høge utslepp).
  • Mange typar snøskred og lausmasseskred blir vanlegare.
  • Både massebalansen for breane og breareala blir venteleg betydeleg reduserte innan 2100.

Havnivået vil auke:

  • Auken i massetapa frå isbreane kjem til å auke bidraga til havnivåauke mykje.
  • På grunn av endringar i gravitasjon og stor landsheving vil middelhavnivået ved Spitsbergen sannsynlegvis bli lågare.
  • Overflatevatnet rundt Svalbard kjem i snitt til å bli 1 grad celsius varmare.
  • Sjøiskonsentrasjonen nord i Barentshavet blir sterkt redusert.

(Alle endringane er samanlikna med situasjonen i perioden 1971–2000. Ettersom berekningane gjeld langt fram i tid, er det usikkert kor store endringane blir).