«Kan ikkje du skrive eit innlegg om kva du hugsar frå seksualundervisninga, Ida Johanne?». Joda, det kan eg sikkert, men det blir ikkje lange greiene altså. For det var skralt.

– Det er plass til sju liter vatn i éit kondom, seier helsesøstera.

Ho held kondomet på den kleinaste måten ein kan halde eit kondom, og smilar skeivt mot ein forventningsfull gjeng med trettenåringar.

– OIII, kult! Vis då!

Vage minner om svampar og penisar

Men så ringer skuleklokka. Helsesøster lovar at ho skal vise oss etter friminuttet. Det skjedde aldri, eg trur ho gløymde det. I ettertid tenker eg at ho kanskje gløymde det med vilje, for å sleppe å stå framfor tjue fnisande, kvisete ungdommar med eit sprengfullt kondom.

Stort meir hugsar eg ikkje frå seksualundervisninga. Kropp vart nemnt i ein naturfagstime, og eg hugsar læraren sa noko om at penis fungerte som ein svamp. Svampen vart fylt med blod, og vipps: der har du ein erigert penis. 

Etter ein time med svampar og klamydia bladde me fort forbi resten av avsnitta om «sex og slikt». Kapittelet om fart og akselerasjon hasta meir. 

Les også denne artikkelserien om kroppsvæsker og pubertet.

Gutepubertet og jentepubertet

Året før, i sjuandeklasse, skulle me lære om puberteten. Klassen vart delt i gutar og jenter, for gud forby om gutane fekk greie på korleis mensen fungerte, hæ?

Me jenter fekk utdelt nokre gloser om at mensen var sååå naturleg, i tillegg til eit utval av diverse produkt: to tampongar, eit truseinnlegg, eit bind og eit nattbind («herregud så svært det er!» tenkte eg, «kor mykje blod finst det i meg?»).

Binda både med og utan vinger vart stappa langt ned i lomma før me var ut av klasserommet. Då eg kom heim låste eg døra og fann fram den gamle safen eg hadde fått frå mamma som jobba på NAV. Den er blytung og hadde sikkert overlevd ein krig.

Eg låste binda inne saman med lommekniven eg ikkje ville mamma skulle vite at eg hadde skaffa meg. Tenk om ho fekk vite at eg hadde både kniv og bind?

Som de ser har eg prøvd å lirke opp boksen med både kniv og binders, men binda forblir innelåst. Foto: Søstera mi som eins ærend leita fram safen på jenterommet heime

Les også om 22 år gamle Jakob Semb Aasmundsen som skal bryte ned tabu kring seksualitet og kropp: – Unnskyld, mormor! I 2019 skriv eg bok om sex, makt og kjærleik

«Hvor mange hull har jenter»

Mensen kom. Men binda var innelåst og nøkkelen vekke. Livredde tenårings-meg skulle ha symjing i gymmen to dagar etter eg fekk blod i trusa for første gong.

På Ung.no får du svar på ALT!

Utan Ung.no hadde eg vore konstant bekymra heile ungdomsskulen og aldri kome meg til symjetimen.

«Hvor mange hull har jenter», «hvilket hull», «tampong hvor langt inn», «kan man bli gravid når man er jomfru?». (Ja, ein må søke på bokmål. Sjølv i mensenverda er det vanskelegare å vere nynorskbrukar. Men det vert eit anna innlegg.)

Når læraren blir for klein og læreplanprioriteringane ikkje strekk til, er Ung.no ei gullgruve. Dei skriv mensen og sex med caps lock og utropsteikn, og utan å løfte eit augnebryn svarar fagpersonane på spørsmål om både mensen i brudekjole og om å tenne på bæsj.

Eg måtte ty til steling frå mamma si skuff på badet. Pakka bomullsspydet ut av plasten og stålsette meg framfor spegelen. Læraren som gav oss tampongar hadde gløymt å nemne at ein må bruke ein heil peikefinger på å få inn tampongen. Hjelp!

View this post on Instagram

dette bildet kan automatisk bli linket til en følelse av skam, skyld, ubehag, pinlighet og noe som ikke skal vises, noe som ikke skal sees. selvfølgelig er dette et uhell – poenget er at det er helt ok med månedlig blod ut av vaginaen. dette er ikke ekkelt, stygt eller flaut. dette er minst like normalt som resten av de kroppslige prosessene dine; at det gror hår der du har barbert, at når svette kommer i kontakt med bakterier på huden vil det kunne avgi en lukt, at du må prompe grunnet luft i magen som må ut etc. menstruasjon er 110 % normalt – problemet er at vi ikke SER slike bilder ofte nok, og dermed kan det virke som et lite sjokk. meeen den oftere man ser noe, den vanligere blir det. 💕 (savner å ha mye hår på leggene, det vokser syyykt sakte tilbake når man fjerner det etter å ha latt det være i fred i mange mnd! but soon høhø. Jeg barberer hvis JEG selv vil, men jeg liker også å ha det, det føles mest naturliiig.) #selflove #mensen

A post shared by vivs♀️ (@likestillingforfaen) on

Du kan seie kva du vil om SoMe, men det har redda mange usikre ungdommar. @likestillingforfaen er ein av få som torer å vise mensen som det mensen faktisk er.

Velkommen til pornoparadis

I seksualundervisning kjem ein heller ikkje unna kronjuvelen: sex.

«Porno!», ropte dei teitaste gutane i gangen. Eg trudde på dei same gutane når dei sa eg skulle søke på «Redtube», og at det var det same som YouTube berre at alt var raudt. Fargeglade meg trykka enter, og den allereie eksisterande sexfrykta vart bekrefta. 

Bortsett frå gutegjengen sa alle at sex var fyfy og æsj. Vaksne snakka om porno som om sex var ei synd. At det finst god porno er det heller ingen som nemner. (Jada, det er trygt å trykke på lenka.) 

For sex, herregud, korleis gjer ein det? Det har eg også googla. I amerikanske kjærleiksfilmar ser det så lett ut, alt berre glir inn og passar perfekt. Som eit puslespel. Eg veit ikkje med dykk, men eg føler meg ikkje alltid som ei snerten puslespelbrikke. Meir som ei tung dominobrikke på veg til å velte alt og alle.

Les også: – Altfor mange trur sex handlar om å stikke noko inn i nokon, men det er så breitt. Det handlar om grenser, forelsking og blikk.

Frå spøk til alvor

Grensesetjing har eg ikkje diskutert med lærarar, men i diskusjonsforum på nett. Kor frykteleg valdtekt er har eg lært frå vener som har opplevd det, ikkje på skulen. At nesten 1 av 10 kvinner har vorte valdtekne fann eg ut når eg meldte meg inn i Amnesty, ikkje fordi det vert snakka om. Kva «nei» betyr har vore bevist av #Metoo-kampanjen, ikkje av rettssystemet.

Om ein ikkje tyr til sjølvstudium er det lett å få oppfatninga av at sex berre betyr graviditet, kjønnsjukdommar og vrine kondom. At sex er noko ein må passe seg for.

Kjære lærarar, politikarar og kleine helsesøstre: sjølv om me ungdommar er «digitalt innfødde» og går rundt med Google i lomma, er ikkje det ei unnskyldning for å ikkje gje oss betre seksualundervisning. 

Me treng meir sexprat og færre bananer med kondom på. Me treng lærarar og vaksne som synest refleksjon og diskusjon er viktigare enn fasitar og fagterminologi. Me treng færre sveitte hender, raudnande fjes og kleine vaksne.

For eg er meir redd for ei framtid utan ungdomar med refleksjonsevne enn eg er for ei framtid med atomkrig. For då har iallfall eg både bind og kniv.

Kva hugsar du frå seksualundervisninga på skulen? Skriv til oss på tips @ framtida.no. 

Seksualundervisning eller ikkje, kor mykje har du fått med deg? Ta kvissen: Er du ein sexpert?

Oppdatert: torsdag 7. februar 2019 16.14

Kommentarar

ANNONSE