– Unnskyld, mormor! I 2019 skriv eg bok om sex, makt og kjærleik

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur den nesten rasjonelle, effektive «sveip vidare»-haldninga me har til kropp og sex og kjærleik er uheldig. Det eg vil at folk skal tenke litt rundt, seier Jakob Semb Aasmundsen.

22-åringen frå Tønsberg, som dei siste åra har markert seg som samfunnsdebattant, har i desse dagar permisjon frå studiene for å jobba med eit bokprosjekt for Spartacus Forlag.

På Instagram lanserte han nyheita for sine følgjarar med teksta: «Unnskyld, mormor! I 2019 skriver jeg bok om sex, makt og kjærlighet.»

Det private er politisk

Tanken er at folk skal få innblikk i prosessen via sosiale medium. I spalta «Dirty Talk» har han allereie diskutert både homonasjonalisme og homofile sitt forhold til dildoar.

Aasmundsen oppmodar folk til å følgje prosessen og sende inn spørsmål og kommentarar.

– Det er ingen avgrensingar, lovar Aasmundsen.

22-åringen meiner det er viktig å vere personleg når det kjem til seksualitet og er ikkje redd for å by på seg sjølv og personlege erfaringar.

– Unnskyldninga til mormor er første setning i forordet og den er der for ein grunn. Eg støttar det feministane sa på 70-talet om at «det personlege er politisk», men det private er òg politisk. Det er ei grense der, men den har eg køyrt forbi for lenge sida, seier Aasmundsen.

Han meiner likevel det er eit tema der det er viktig å våge å vere privat, nettopp fordi det er så nært.

Les også innlegget til Jakob Semb Aasmundsen: «Reaksjonane på at vi skal få nynorsk som tenestespråk i Vestfold viser kor trongsynte vestfoldingar verkeleg er.»

Dansk dukkebordell

Undervegs i arbeidet har han både gått på stemnemøter og snakka med ungdommar i ulike delar av landet. Snart skal han til Japan for å sjå nærare på trender der ein kan kjøpa nærheit og i Danmark vil han møta ein mann som driv dukkebordell.

I grove trekk skildrar Aasmundsen det som ei bok som tek opp ulike utfordringar knytt til seksualitet i dag. Det handlar om mellom anna om kropp, skam og det å orientera seg i mylderet av merkelappar om seksualitetar.

Undervegs brukar 22-åringen seg sjølv og sin kropp til å utforske tematikken.

– Som homofil har eg følt på ulike kjensler på heile spekteret: frå skam, til glede og frustrasjon. Eg prøver å vere sårbar og kome inn på meg sjølv og skjøna kvifor eg reflekterer som eg gjer. I sakprosa er det ofte slik at ein skal distansere seg sjølv, men når det kjem til seksualitet så kan ein ikkje kople av kjensler ein sjølv har, meiner Aasmundsen.

Les også: Skam etter homotoleransen. Er det like greitt å vere «skeiv» som «streit»?

 Gutar og kroppspress

For skribenten er det viktig å få fram at kjenslelivet ikkje er svart-kvitt og at ein ofte kan kjenna på motstridane kjensler samtidig.

– Eigentleg drit eg i kroppspresset, men samstundes ser eg meg sjølv i spegelen og ser akkurat kva som er gale,  forklarar Aasmundsen.

Han meiner tema som kroppspress og seksuelt press blant gutar er eit viktig og underkommunisert tema.

– Eit viktig perspektiv som eg likar å skriva om er når heterofile menn deler kjensler dei ber på knytt til det å ikkje nå opp kroppsleg og seksuelt. Når eg høyrer ein gut snakke om kropp på ein sårbar måte treff det meg meir fordi ein har høyrt det så ofte frå jenter.

Les også: GymShark, Snapchat og Victoria’s Secret er nominert til kroppsverstingpris

Makta bak definisjonane

Bokprosjektet, som har fått støtte frå Fritt Ord og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), skal etter planen lanserast i byrjinga av 2020.

Sjølv om Aasmundsen freistar å provosere og nå breitt ut er ambisjonen å òg demonstrere korleis seksualitet har mykje med makt å gjere.

– Dei som definerer seksualiteten har òg makt til å styre korleis samfunnet vert strukturert. Det er særleg aktuelt med dagens regjering som har fokus på éi form for samliv, korleis familien skal vere og kva eit barn betyr, meiner Aasmundsen.

Håpet er å skriva ei bok som ikkje berre kan synleggjera nokre av desse maktstrukturane, men òg vera spanande og gjenkjenneleg for lesarar i ulike aldrar.

Lurer du på kva homonasjonalisme er? I spalta «Dirty Talk» får du svaret:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

This week’s DirtyTalk is about how the right-wing use LGBT rights in their fight against immigration.? Follow me for more ?.

Et innlegg delt av Jakob Semb Aasmundsen (@jakobsembaasmundsen)

Humor og sårbarheit

– Det er mykje humor og mykje kleint, for sex er jo kjempekleint. Men det viktige er kanskje dei meir sårbare perspektiva som gjer at ein kan kjenne seg att, understrekar Aasmundsen.

– Vert dette boka du sjølv skulle ha lese då du var ung?

– Haha! Det var ein god salspitch. Den må eg hugse til seinare.

– Så kva skulle du ha lese då du var yngre?

– Veldig overflatisk; ei meir usminka beretting om korleis det er å finne sin eigen seksualitet og leve den ut på ein sunn måte.

Alle burde lese 12 bøker om homoar