900 Oslo-elevar skal få eigarskap til nynorsk

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Målet er å gi fleire unge i Oslo kunnskap og eigarskap til nynorsk, seier leiar i Norsk Målungdom Fredrik Hope til Framtida.no.

Norsk Målungdom har fått støtte frå Den Kulturelle Skulesekken, og skal no lære elevar i Oslo meir om nynorsk. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

– Vi vil òg vise at det er ein lang og stolt tradisjon for nynorsk i Oslo, legg han til.

Norsk Målungdom skal samarbeide med Nynorskens hus og Den Mangfaldige Scenen om eit prosjekt for Den kulturelle skulesekken.

I starten av 2020 skal 30 skular med 900 elevar i 6. klasse få lære meir om nynorsk.

Les også: Her er skodespelarane sine favorittord på nynorsk

Rik nynorsk historie

Prosjektet er for alle sjetteklassingane i Oslo, og blir to-delt. Første delen skal vere eit opplegg på Nynorskens hus, eit hus med rik nynorsk historie.

– Der skal vi snakke litt om historia til nynorsk i Oslo, om språkhistoria, og om kvifor vi snakkar nynorsk i dag. Også skal dei få lese og skrive litt nynorsk sjølv, seier Hope.

Del to er å sjå skodespelet «Gullfebla» på Den Mangfaldige Scenen.

– Der er skodespelarane unge, og dei får sjå nynorsk i bruk, seier Hope.

Teaterframsyninga «Gullfebla» følgjer to gamle karar som reiser land og strand for å samle eventyr. Foto: Terje Svindseth/Den Mangfaldige Scenen

Les også: Jakob Semb Aasmundsen meiner det er du som er problemet om du ikkje forstår nynorsk

Blei til over kopp med kaffi

Samarbeidet vart til i ein samtale over ein kopp kaffi, då Norsk Målungdom og Nynorskens hus fann ut at dei kunne utfylle kvarandre.

– Nynorskens hus er flinke på kultur, og få inn folk som laga godt teater for unge. Vi har drive på i åresvis med formidling av nynorsk. Også fann vi ut av kunne samarbeide, seier leiaren for målungdomen.

Les også: Nynorskplata dei prøvde å forby

Ser ikkje vekk frå vidare samarbeid

I første omgang vil opplegget kun vere for 6.-klassingar i Oslo, men Hope ser ikkje vekk frå å utvikle det vidare seinare.

– Vi har fått støtte til å gjere det her i Oslo no, men det kan bli meir samarbeid og vidareføring av det vi gjer, seier Hope.

Les også: No kan du bli med på kåringa av dei beste nynorsk barne- og ungdomsbøkene