Færre elevar seier dei blir mobba

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6,1 prosent av elevane som har svart på elevundersøkinga, svarar til om lag 27.000 elevar. Elevane svarar at dei har vorte mobba av enten medelevar, av vaksne på skulen eller digitalt av medelevar.

Les også: Fleire melde mobbesaker i Noreg

Innsatsen mot mobbing må halde fram

Rundt 447.000 elevar svarte på undersøkinga hausten 2018. Det er det høgaste talet som nokosinne har svart på undersøkinga.

– Det er positivt å sjå at det er færre elevar som svarar at dei blir mobba, men det er framleis for mange elevar som blir mobba. Vi veit at mange skular jobbar godt for å gi elevane ein trygg og god skulekvardag. Arbeidet mot mobbing må skje kvar einaste dag og har ingen sluttdato, seier direktør Hege Nilssen i Utdanningsdirektoratet.

Elevundersøkinga er obligatorisk for 7. trinn, 10. trinn og 1. trinn på vidaregåande skule og frivillig for andre trinn frå og med 5. trinn.

Les også: Kripos-kampanje skal hindra ulovleg spreiing av nakenbilete