Fleire melde mobbesaker i Noreg
I fjor haust vart heile 653 mobbesaker melde inn til fylkesmennene. I eit fleirtal av sakene vart det slått fast skulane ikkje gjorde nok for å stoppe mobbinga.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ser at talet på saker som blir melde inn til Fylkesmannen, framleis er høgt, og eg er bekymra for barna det gjeld. Altfor mange barn har ein klump i magen når dei går til skulen og opplever at dei vaksne ikkje gir dei den tryggleiken dei skal ha i skulekvardagen, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).
Les også om «Ei nasjonal prøve», eit teaterstykke om mobbing: – Dei får sjå kor gale det kan vere.
Skulane må gjere meir

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H) meiner skulane må verte betre på å skape eit godt miljø for elevane. Foto: Marte Garmann, Regjeringen.no
Frå skuleåret 2017–2018 kunne elevar og foreldre melde frå til Fylkesmannen dersom skulen ikkje gjer nok for å følgje opp mobbing. I same periode i 2017 vart det meldt inn 565 sakar.
I om lag fire av fem mobbesaker som Fylkesmennene har ferdigbehandla, er konklusjonen at skulen har brote aktivitetsplikta, altså ikkje gjort nok for å stoppe mobbing.
– Eg forventar at skulane følgjer opp den viktige jobben som må blir gjort for å skape eit godt skulemiljø for alle elevar, seier Sanner – som kallar det uakseptabelt at plikta har vorte broten så mange gonger.
Totalt for 2018 vart 1.504 mobbesaker meldt inn til Fylkesmennene.