Elevar om mobilforbodet: Me kjenner oss tryggare

7. klasse, Ostereidet barneskule
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten stod først publisert hjå Avisa Nordhordland. 

I media har det den siste tida vore reportasjar som gjeld mobilforbod i skulen, og der rektorar og elevar har fått seie sine meiningar som gjerne kan vere litt forskjellige.

Me, 7. klasse ved Ostereidet barneskule, ønskjer å fortelje om vår oppleving av innføring av mobilforbod i klassen vår.

I skulereglementet til Ostereidet barneskule står det at mobilen skal vere avslått og i sekken. Ja, det var det då, – avslått og i sekken. Mobilane våre var nok som oftast avslått, men dei var ikkje alltid i sekken. Den kunne vere i jakkelomma til dømes, og om ein skulle på toalettet, var det veldig freistande å sjekke Snapchat. Det var òg elevar som sneik mobilen med seg på grupperom, eller som tok bilde av klassekameratar i gangen vår.

Etter nokre uheldige episodar, meinte læraren vår at det var best å samle mobilane inn om morgonen og at me fekk dei tilbake ved skuleslutt. Det var me einige i og det var ingen som protesterte. Me opplever at me kjenner oss tryggare. Det er ingen som tek bilde eller filmar oss når me ikkje veit om det. Me slepp å tenkje på mobilen og konsentrerer oss betre i timane, slappar meir av rett og slett.

Me er blitt meir sosiale på ein god måte. Det er mindre stress og tankar som går til mobilen i skuletida. Me har ikkje totalt mobilforbod i klassen for me kan bruke den når det gjeld noko som har med undervisning å gjere, som til dømes i rollespel eller i gymmen. Sjølvsagt er det nokon av oss som kunne tenkt seg å bruke mobilen i timane når me løyser oppgåver åleine. Det er mange som er van med å lytte til musikk når dei gjer lekser og kjenner at det får dei til å konsentrere seg betre, men så er det no flest samarbeidsoppgåver i skuletida og det er jo ikkje alle som likar same musikken eller vil ha musikk på når dei jobbar.

Me har ikkje problem med å levere inn mobilane, det er faktisk heilt greitt.

mobilkasse

No vert mobilane samla inn.

Les fleire meiningsinlegg her.