Teknologien som gjer toppturane tryggare

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 28.01.2019 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik blir skituren trygg med appar og ski som varslar snøskred

Denne saka ein er del av ein artikkelserie om skred og tryggleik i fjellet, les også: Gjer toppturen trygg og Les terrenget for å finna dei trygge toppturane

Monica Jill Vartdal er grunnleggar og sjef i Think Outside, som utviklar snøskredbrikka Sknow.
Foto: Therese Fjelland

– Målet er å laga eit produkt som er så smart at det kan lesa og forstå snøen mens du går på ski og dermed fortelja om det er farleg i snøen under deg, seier grunnleggjar og sjef Monica Jill Vaksdal i Think Outside til Nynorsk pressekontor.

Selskapet jobbar med ein sensor du kan festa på skia som ser og forstår snøen. «Sknow» les snøen frå starten av turen og gir beskjed i sanntid om endringar.

Geolog i lomma

Slik kan snøskredbrikka Sknow bli sjåande ut. Brikka fortel brukaren om endringar i snøen. I vinter skal utvalde skikøyrarar testa teknologien og gi tilbakemeldingar. Foto: Think Outside.

Tanken er at Sknow skal kunne brukast av alle – frå den erfarne til den uerfarne.

– Det blir litt som om du har ein geofysikar eller ein geolog i lomma som hjelper deg med å ta gode avgjerder på tur. Det gjer turen tryggare og kjekkare, seier Vaksdal.

– Kan teknologien også gi ein falsk tryggleik?

– Det er ikkje teknologien som er farleg. Ein skal vera skeptisk til nye løysingar, men folk er frie til å ta eigne val. Eg tenkjer at om ein får meir informasjon gjennom auka kunnskap, læring og fleire digitale verktøy, er me betre rusta, seier Vaksdal.

Les også: No kan du utdanne deg til å bli skiguide

Snøskredvarsel i lomma

Ragnar Ekker er snøskredvarslar og ansvarleg for appen regOps i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). RegOps viser med fargar på kartet kor bratt og skredfarleg det er.

Tilbakemeldingane frå brukarane vitnar om at varslinga på Varsom.no og regOps har vore til hjelp for mange toppturtørste skigåarar.

– Det er vanskeleg å telja liv, men det me ser er at folk les varsla våre. Og gjer dei det, vurderer dei skredfaren der dei skal. Viss dei sit igjen med litt meir informasjon og kunnskap etter å ha lest varselet vårt, har me lukkast, seier Ekker.

Ekker kallar seg teknologioptimist, men han er likevel tilbakehalden med å meina at teknologi er løysinga på alle problem knytt til snøskredfare.

– Folk må utdannast, folk må ha kunnskap, folk må få ein peikepinn på kva som er gode, trygge turval og folk skal ha glede av å gå på tur. Det løyser ein nødvendigvis ikkje med teknologi, seier han.

NVE satsar likevel for å gjera varsla på Varsom.no og i appen regOps betre.

– Me byggjer ut vêrstasjonar i fjellet, varselet skal i større grad ut i lomma på folk og dei skal bli meir presise og detaljerte, fortel Ekker.

Les også om Kaia som kryssa Jotunheimen: Sett vekk i frå eit kamera var ho heilt åleine

Topptur med ski på beina blir meir og meir populært. Her frå Stordal på Sunnmøre. Teknologien som skal gjera turen trygg, utviklar seg stadig.
Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK

Testar automatisk varsel

Ragnar Ekker er snøskredvarslar og ansvarleg for appen regOps i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) Foto: NVE

NVE har også eit testprosjekt der ein ved hjelp av maskinlæring skal få fleire automatiske varsel basert på vêrmodellar og observasjonar.

– Det er førebels heilt på forskarstadiet. Viss me kan effektivisera varselet, auka detaljgraden, så kan brukarane få eit betre produkt.

Ekker fortel at dei også brukar satellittbilde til å telja skred. Det blir brukt i to testområde.

– Me jobbar med å flytta oss frå skjønn til metode. Data frå satellittbilda vil løfta kvaliteten på produktet – det er ei fantastisk moglegheit.

Velje tur etter skredfare

NVE har også starta jobben med å klassifisera snøskredterrenget i Noreg. Den såkalla KAST-metoden deler terrenget inn i fire klassar frå «ikkje snøskredterreng» til «komplekst skredterreng». Klassifisering av område i Romsdalen, Lofoten og Troms er først ut. Etter kvart vil turplanlegging også bli integrert i varselet.

– Å gi brukarane det produktet i tillegg til varselet, vil vera eit ganske stort hopp reint teknologisk. Dette er ikkje ein duppeditt som er utvikla, det er kunnskap og betre informasjon til brukarane, seier Ekker.

Les også: Yngste nordmann på toppen av Mount Everest: – Må tørre å satse