Gjer toppturen trygg

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 28.01.2019 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Christer Lundberg Nes har skrive boka «Skikompis. Skøskred og trygg ferdsel», som gi ei grundig innføring i snøskred, vêr, snø, turplanlegging og ulike terrengtypar. Nes er ein erfaren skikøyrar og fjellførar. Han er også observatør for skredvarslinga til NVE. Foto: Fri Flyt

Denne saka ein er del av ein artikkelserie om skred og tryggleik i fjellet, les også: Les terrenget for å finna dei trygge toppturane og Teknologien som gjer toppturane tryggare

– Inntrykket mitt er at fleire og fleire går på toppturar på ski gjennom heile sesongen. Ein skal ikkje så mange år tilbake før ein berre møtte folk i fjellet i helger og feriar. No møter ein folk omtrent kvar dag, seier den erfarne skikøyraren og fjellføraren Christer Lundberg Nes.

Toppar som før berre blei besøkte om sommaren, har no blitt populære vinterdestinasjonar. Men det er ikkje utan risiko å ferdast i vinterfjella. Nes har skrive boka «Skikompis. Snøskred og trygg ferdsel», som no har komme ut i ei ny og oppdatert utgåve, og han ser eit klart behov for kunnskap om turplanlegging, vêr og skredfare.

– Det viktigaste er å vurdera terrenget og å setja seg inn i skredvarslinga på varsom.no. Det er også viktig å unngå feller i terrenget, seier Nes.

Les også: Yngste nordmann på toppen av Mount Everest: – Må tørre å satse

Feller i naturen

Terrengfeller er formasjonar der skiløparar lett kan bli fanga og gravlagt under snøen eller der eit skred kan føra deg inn i område med stein og tre.

– Det kan vera kløfter, bekkedalar og elvejuv, der skred kan losne frå små brattheng eller bratte sidekantar. Sjølv små skred i dette terrenget kan gjera at ein blir gravlagd under djup snø, forklarer skibokforfattaren som har hausta mykje erfaring frå fjella på Sunnmøre.

Stup og skavlar kan også gjera at du blir tatt at skredmassane og fell utanfor. Ei terrengfelle kan også vera ein brå overgang mellom bratt og mindre bratt lende. Der kan snøen frå eit skred stoppa opp og du kan blir gravlagt under snøen.

– Mange av dei som døyr i skred døyr på grunn av mekaniske skadar ved at dei treffer tre eller stein. Tenk derfor gjennom vegvala dine og kva konsekvensane av eit snøskred vil vera, oppmodar Espen Nordahl og Erlend Sande i boka «Trygge toppturer».

Dersom det er ein toppskavl på fjellet er det ofte vanskeleg å vurdera kvar fjellet sluttar og kvar skavlane heng over stupet med fare for å brekka av. Legg sporet med god avstand til skavlar, dei kan vera større enn ein trur. Foto: Stig Løland

Les også reportasjen om då Svalbard og Ishavet vart eit ynda turistmål for adel og kongelege.

Få, men fatale ulykker

Det finst ulike typar skred, og det er flakskred som drep flest folk i friluftssamanheng. Årsaka er måten flakskred oppfører seg på. I «Skikompis» skildrar Nes det som om du står på eit teppe som blir dratt vekk under deg.

– Flaket knekk og smuldrar raskt opp, noko som gjer at ein skiløpar blir tumla inn i snømassane som i ein vaskemaskin.

Dei siste ti åra har 70 personar døydd i snøskred, viser tal frå Norges Geotekniske Institutt (NGI) og Varsom.no. Over 90 prosent av dei døydde på tur, som NGI definerer som ferdsel i naturen på fritida eller jobb.

– Med tanke på kor mange som ferdast i fjellet og at talet på skredulykker har halde seg relativt stabilt og lågt dei siste åra, må kunnskapen til dei fleste vera god, konkluderer Christer Lundberg Nes.

Det er viktig å planlegga turen og ruta ein vil følgja til toppen. I planlegginga inngår også å dela forventninga til turen slik at gruppa kan tilpassa seg og gi alle ein fin tur, foreslår skiguide og forfattar Christer Lundberg Nes.
Foto: Bård Basberg

Les også om Ole Hovstad(23) som er yngste nordmannen på Mount Everest

Terrenget avgjerande for kunnskapen

Vurdering av terrenget er viktig for trygg ferdsel i vinterfjellet. Nes deler terrenget i ulike klassar for kor skredfarleg det er.

– I snilt terreng kan du unngå skredområde. I komplekst terreng kan du ikkje unngå skredområde, og då må du vita mykje meir om snøen i området, seier han.

Han knyter seg tett opp til det internasjonale klassifiseringssystemet for snøskredterreng ATES, Avalanche Terrain Exposure Scale. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) jobbar for tida med ein norsk variant av dette systemet kalla KAST. Målet er at hjelpa fjellfolk til å velja rett tur etter evne og forhold den dagen turen skal gjennomførast, opplyser NVE.

– Skal du til dømes gå frå hytte til hytte i fjellheimen, treng du ikkje gjera same vurdering som om du skal stå på ski i ei bratt fjellside, seier Nes.

Noko av det mest avgjerande er likevel å velja tur etter evne. Faktorar som kjennskap til og kunnskap om utstyr, evnene til folk i turfølgjet, når på året og kvar turen blir gjennomført påverkar kvarandre gjensidig, minner «Skikompis» oss om.

Og før du legg ut på tur med skikompisen din, kan du dagleg sjekka snøskredvarselet på Varsom.no. Det kan du gjera heilt fram til 31. mai.

Spektakulære bilder som dette gir mange lyst til å køyra i bratte fjell, som her frå Lisje Brekketind på Sunnmøre. Men køyring i slikt skredutsett terreng krev god kjennskap til snø og skrefare i heile fjellsida, minnar boka «Skikompis» oss om. Foto: Håvard Myklebust

Les også reportasjen om klimaendringar på Svalbard: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje.

Kjelder: «Trygge toppturer», «Skikompis», Visit Norway