Yngste nordmann på toppen av Mount Everest: – Må tørre å satse

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 21.01.2019 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Utrolig artig å bli Norges yngste gjennom tidene på toppen. Galdhøpiggen og dress i fjor, Mt.Everest og dundress i år», skreiv Ole Hovstad (23) på sin Instagramprofil etter å ha nådd draumen gjennom mange år, å nå toppen av Mount Everest (8,848 moh).

Som yngste nordmann nokon sinne, nådde han toppen den 16. mai i år.

– Det er jo Mount Everest ein har høyrt om frå ein var liten, det er jo det høgaste fjellet. Eg hadde lyst til å utforske litt meir, teste grensene mine. Så da vart det til slutt Mount Everest eg hamna på. Eg hadde tenkt på det sidan eg var liten, så det var greitt å endeleg tørre å gjere det, seier Hovstad.

Han veit ikkje heilt kor han har fått idéen ifrå, men har vore van med norsk natur heilt sidan barndommen, då han ofte var med foreldra på tur.

– Så det har gradvis utvikla seg til at eg hadde lyst til å ta steget vidare. Ein må tørre å satse på det ein har lyst til, seier han.

Frå vanleg fjellvandring til meir krevjande turar

Det er først dei siste åra fjellturane til Hovstad har utvikla seg frå vanleg vandring i fjellheimen til vanskelegare og meir teknisk utfordrande turar. Han fortel at turane før desse siste månadane har gått i nærområde i Trøndelag, Romsdal, og i Jotunheimen. Og for det meste er han sjølvlært.

Fordi ein må ut av landet for å teste om ein toler å vere i høgda, reiste han i januar i år til Argentina for å førebu seg. Der gjekk han med ei internasjonal gruppe, og prøvde å nå toppen av Aconcagua på 6962 m.o.h.

– I Argentina kom eg ikkje til toppen av fjellet, men lærte veldig mykje. Nok til at eg tenkte at eg var klar for Mount Everest, seier han.

Han fortel at han måtte satse ganske mykje før turen, og at ein alltid møter på hindringar.

– Men da er det berre å vurdere dei og komme forbi dei.

Blant anna betalte han heile turen sjølv, utan nokon sponsorar.

– Det vart ganske dyrt for meg som ikkje hadde så mykje utstyr og erfaring. Men det var jo verdt det da eg kom på toppen, seier han.

Atten kilo mat i bagasjen

I slutten av januar kom han heim frå øvingsturen i Argentina. Etter to månader heime i Trøndelag, drog han i slutten av mars til Nepal med ein sekk full av turutstyr, varme klede, og 18 kg ekstra mat.

– Eg var jo litt spent da eg drog. For på turen i Argentina fann eg ut at eg har ei utfordring med å få i meg nok næring. Men heldigvis gjekk det, seier han.

– Mange har døydd på turen til toppen, tenkte du noko på at det var farleg?

– Det var jo i bakhovudet. Men eg tenkte ikkje så mykje på det. Om ein går og tenker mykje på at det er farleg, så trur eg ikkje turen blir så fin, seier han.

Han kom til basecampen i Nepal den 8. april. Til saman var han i fjellet halvannan månad.

– Det er mykje venting i basecamp. Mange daud-dagar før turen. Så det gjeld å halde motivasjonen oppe, unngå å bli sjuk, og å få i seg nok næring. Det blir veldig mange dagar, fortel han.

Opphaldet på basecamp på 5000 m.o.h. var langt både grunna akklimatisering og av praktiske grunnar. Han fortel at dei siste vekene før turen gjekk ganske fort.

– Da var det både nerver og sommerfuglar.

«Ikke feil med soloppgang halvveis opp på toppstøtet!», skreiv Ole Hovstad. Foto: Privat

Sjølve turen mot toppen gjekk dei på fire dagar. Hovstad forklarer at dei gjekk tre vanlege dagsetappar. Den fjerde dagen gjekk dei ein dagsetappe frå camp tre til camp fire, kvilte og åt i seks timar, før dei gjekk vidare same kveld. Siste etappe gjekk frå klokka ni på kvelden og gjennom natta. Klokka ni neste morgon var dei på toppen.

– Alt var jo ganske stort. Det var ganske langt unna det å stå på ein norsk topp.

På sjølve toppen var dei rundt tjue minutt, før dei byrja på turen ned igjen.

– Det beste var jo å stå på toppen og tenke at ein har «bestått», på ein måte. Men ein kunne ikkje slappe av heilt sjølv om ein var på toppen. Så det å komme ned til basecamp var jo den aller beste følelsa, for da var ein trygt nede igjen, seier Hovstad.

Han forklarer at nedturen er farlegare enn turen til toppen på grunn av at mange slappar av og tenker at dei er ferdige med turen når dei har nådd toppen. På tur ned er det lettare å miste fokus, både fordi ein er sliten i kroppen og i hovudet.

17. mai på basecamp

Den 17. mai var han trygt nede på basecamp igjen. Då var det berre han sjølv og ein mann frå Kina som var nede. Dei andre var ein dag seinare.

– Det vart ei roleg feiring, seier Hovstad. Kinesaren hadde feira nasjonaldagen nokre veker tidlegare.

Vel heime i Noreg har mange vore interesserte i å høyre om turen, noko han berre synest er artig.

– Kva er planane vidare no?

– Det blir berre å tilbake til vanleg kvardag på jobben, og ta helgeturar i norsk natur. Eg har ikkje noko anna i tankane enno. Ein må nyte norsk sommar, seier Hovstad.