Sjekk fuglebrettet – no skal hagefuglane teljast

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne helga må du telje fuglar i hagen!

For tolvte året på rad inviterer Norsk Ornitologisk Forening (NOF) kommande helg til nasjonal og nordisk teljing av ulike fugleartar som finn vegen til fuglebrett og nek i hagar landet over.

– Det er gjerne dei vanlegaste fugleartene som dukkar opp. Men under hagefuglteljinga er det nesten alltid ein og anna overraskande fugleart som dukkar opp, og som skaper ei viss interesse og spenning, seier organisasjonskonsulent i NOF Morten Ree.

For mellom dei meir vanlege artene kan kanskje ein einsleg raudstrupe, ein munk, trekrypar, gråspett, eller kanskje ein flokk stjertmeis vise seg fram på fuglebrettet.

Les også: Rekordmange valpekull for den trua fjellreven i 2018

Kjøttmeis på topp

I alle år har kjøttmeis, blåmeis og skjor – i nemnde rekkefølgje – vore dei vanlegaste artene i hagefuglteljinga. I fjor vart kjøttmeisa likevel vippa ned frå trona etter ei masseinnvandring av gråsisik frå aust. Men truleg vil kjøttmeisa ta tilbake trona i år, seier fugleekspert Ree.

Men den langsiktige trenden er likevel at kjøttmeisa er i tilbakegang.

– Vi ser at arten går tilbake. Vi veit ikkje heilt kva som er årsaka til det, men han har gått frå å ha eit gjennomsnitt på elleve fuglar per fôringsplass til sju. Det er litt urovekkjande, så vi er spente på å sjå om nedgangen fortset, seier Ree.

Nedgangen gjeld fleire arter. Den før så vanlege gulsporven har det vorte markant færre av, og i løpet av dei siste seks åra har tala per fôringsplass vorte halverte.

Småfuglene flyr mellom fôringsautomatar og eit lite feittstykke som er hengt opp. På denne fôringsplassen er det fire meiseartar, frå venstre: kjøttmeis, svartmeis, granmeis og blåmeis, alle blant dei meir vanlege fuglane i Noreg vinterstid.
Foto: Lina Winge / NTB scanpix / NPK

Klimaendringar

Kva fuglar som held til her i landet er avhengig av vêret. Klimaendringar, som dei seinaste åra har ført med seg mildare vintrar, har ført til endringar i utbreiinga.

– Vi ser at enkelte arter blir vanlegare og breier seg utover landet, mellom anna kjernebitaren og stillitsen har endra sitt utbreiingsområdet. Arter som før berre var rundt Oslofjorden breier seg lenger mot nord, seier Ree.

I tillegg til kjernebitar og stillits, har òg pilfink, som er den vanlegaste hagefuglen i Danmark, hatt stor framgang i Noreg. Det same gjeld spettmeis. Nokre stader har det òg vorte meir vanleg med gråsporv.

Fylkesvis er det store skilnader. I fjor var det til dømes svarttrost og raudstrupe på høvesvis 86 og 77 prosent av fôringsplassane i Rogaland, men berre på 6 og 1 prosent av plassane i Hedmark som har kaldt og snørikt innlandsklima.

Les også om sauane som vart modellar: Sjå på desse bæ-dårande hjarteknusarane

Stor interesse

Mange interesserer seg for å mate fuglar, spesielt i vinterhalvåret. NOF reknar derfor med at hageteljinga i år vil involvere 18.000 personar i alle aldrar. Det blir forventa rapportar frå rundt 7.000 fôringsplassar.

I fjor var det 485.000 registrerte fuglar. Fugleekspert Ree fortel at dei i år går for rekord og håpar på å passere ein halv million registrerte fuglar.

Hageteljinga føregår i heile Norden den siste helga i januar. Fugleteljinga føregår ved at deltakarane legg inn kva for fuglar dei ser på nettsida til Fuglevennen.

Les også: Angelica har fostra 26 kattar: – Givande å hjelpe eit levande vesen