Rekordmange valpekull for den trua fjellreven i 2018

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulla vart registrert i 13 ulike fjellområde, mellom anna på Finse i Hordaland og på Saltfjellet i Nordland.

Dei fleste kulla vart registrerte i Snøhetta-området, der det vart fødd heile 15 kull. Bestanden her har gått frå å vere kritisk utryddingstrua til å bli Noregs største bestand av arten.

50 fleire enn i 2011

Også talet på fjellrevar som vart registrert ved hjelp av DNA-analysar, var rekordhøgt, ifølgje Norsk institutt for naturforsking (NINA). 50 fleire revar vart registrerte enn i det tidlegare toppåret 2011.

Det lever dermed minst 192 vaksne fjellrevar i Noreg.

Les også: 60 prosent av jordas dyreliv er utrydda

Sette ut kvalpar i nord

På Varangerhalvøya vart det sist vinter sett ut 27 kvalpar frå avlsprogrammet for fjellrev.

– Vi kunne kanskje forventa at det vart fødd fleire kull på Varangerhalvøya, knytt til utsettinga. Truleg vil vi sjå effekten til sommaren, seier seniorforskar Nina E. Eide ved NINA.

Forventar smågnagarår i 2019

Både talet på kull og storleiken på dei følgjer nemleg svingingane i bestanden av smågnagarar. I år med mange smågnagarar blir kulla av fjellrev mange og store.

– I sommar er det forventa eit toppår i smågnagarbestanden lengst i nord, seier Eide.

Les også: Varmare klima gjer det vanskeleg for fjellreven

Faktaboks

  •  Fjellreven, også kjend som melrakke, kvitrev og polarrev, er ein liten reveart som held til i heile det nordlege polarområdet, lenger sør hovudsakleg i fjella.
  • Bestanden har gått kraftig tilbake i Noreg i moderne tid, og er på raudlista rekna som kritisk truga.
  • – Den fullvaksne reven er 45–67 cm lang med ein hale på om lag 30 cm i tillegg. Han veg mellom 2,4 og 8,0 kg.

Les meir på Wikipedia