Sjå på desse bæ-dårande hjarteknusarane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trine Bjervig vart kåra til Årets fotograf 2017 av Norges fotografforbund. Ho har eige studio på låven på småbruket som husar både sauer, lama, høner, ender, duer og kattar. Foto: Privat

– Eg driv i hovudsak med nyføddfotografering og det er jo akkurat slike bilete eg plar å ta, så tenkte eg at det å bruka eit lam var ein artig vri, fortel Trine Bjervig.

Fotografen frå Nøtterøy fortel om overveldande positiv respons etter at ho la ut bilete av den originale nyføddfotograferinga i Facebook-gruppa Venner av norsk landbruk.

Menneskevand modell

No har fotografen, som har innreia eige studio på låven, fått eigne sauer, men dei fotogene lamma på bileta er to kopplam som er lånt for anledninga.

Merksame bønder fann ut at det som ved første augekast kan sjå ut som eitt lam, faktisk er to ulike. Her er det minste lammet fotografert. Foto: Trine Bjervig

– Korleis reagerte lammet på å få på skjørt?

– Det var ikkje noko problem. Eg trur lammet berre var så glad for all merksemda og sidan det var eit kopplam, så var det veldig van med menneske, forklarar Bjervig.

Ho fann ut at dei teknikkane ho vanlegvis nyttar på nyføddfotografering, fungerte like godt på lam. For å få dei til å sovne er det viktig at rommet er varmt og at dei har fått mjølk. I tillegg nyttar ho ei hjartelydmaskin som skal få babyane til å sovne lettare.

Les også: Kan sauen reddeverda?

Lammefotografi på veggen

Sjølv om ho til vanleg tek mest bilete av babyar prøver Bjervig å oppmode familiar til å ta med hundane sine til fotografering.

– Saman med born likar eg best å fotografere hund, for dei er lettare å styre, men elles er eg veldig glad i sau. Eg har alltid vore glad i fjøs frå eg var lita. Sau luktar så godt og er så mjuke og snille, forklarar fotografen.

Sjølv om bonden er veldig nøgd med å ha fått eit bilete av lammet sitt på veggen, trur ho ikkje at lammefotografering vert ein stor del av oppdraga framover.

– Nokon har kome med valpen sin heilt i starten, men lam har eg aldri opplevd at folk har ville tatt bilete av, ler ho.

Kan lammefotografi bli ei ny trend? Fotografen sjølv er usikker. Foto: Trine Bjervig