Kva har song å seie for meg?

Julie Matre Stople, Ølen vidaregåande skule, 16 år
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Som ungdom er ein av dei viktigaste tinga eg treng i kvardagen min, musikk. Eg lever på å høyre på musikk, og uttrykkje korleis eg har det innan dans og song. På sosiale arrangement så kan eg ikkje ha det gøy utan å høyre på musikk. Nå som eg går på vidaregåande, så har vi ikkje musikk som eit fag lengre, og eg er ikkje den einaste eleven som saknar å ha ein gitar i hendene med klassen og synge allsongar.

Det finst så mange forskjellige typar musikk. Eg likar ein type, mens vennane mine kan like noko heilt anna. Uansett kva smak vi har, så klarar musikk å samle oss, og vi har det kjempekjekt saman.

Det er heilt merkeleg, men likevel så fantastisk.

Eg er ikkje den einaste eleven som saknar å ha ein gitar i hendene med klassen og synga allsongar.

Folk smilar, og du kan sjå at song kan gjere noko med samfunnet.

I vår bygd så er aldrane ganske «splitta», men kvar gong når vi samlast på fest og skrur høgtalarane på høgaste volum, så er alle ein gjeng. Det er viktig for oss, samfunnet, kulturen og landet at vi har moglegheita til å kunne høyre på musikk. Det kan enten vere i bilen, friminuttet, på telttur eller berre to vener som heng saman.

Song kan gjere mykje rart for oss som menneske. Den kan gjere oss triste, glade, bekymra for ein annan person, og den kan også hjelpe oss med å innsjå noko som vi ikkje heilt har innsett tidlegare.

Kvar gong når vi samlast på fest og skrur høgtalarane på høgaste volum, så er alle ein gjeng.

Eg treng musikken når eg ikkje har det så bra, eller når eg er så glad at eg ikkje veit kva eg skal gjere med meg sjølv. Det er så mange situasjonar som eg har vore i, der eg trengte musikken aller mest. Eg skriv best, og konsentrerer meg best, med musikk.

Eg har som oftast ein song som eg ikkje klarar å få ut av hovudet, og uansett kor hardt er prøvar, så kjem den alltid tilbake. Det kan vere irriterande, men på ein måte så går det òg bra, for som oftast så er det gode minner som held songen i hovudet mitt, og då tenkjer eg tilbake på dei tinga som skjedde når eg høyrde på den sist.

Eg treng musikken når eg ikkje har det så bra, eller når eg er så glad at eg ikkje veit kva eg skal gjere med meg sjølv.

Musikk er viktig for meg, og når songar går så bra at dei tek ein runde rundt kloden, så kan det òg hjelpe ungdommar å bli kjent med andre som er interessert i same sjanger som dei sjølve.

Denne teksten er eitt av bidraga i Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse om song. Fleire bidrag kan du lese her.