Stadfestar ny sesong av «Lovleg»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kan berre seia at det kjem på nyåret og at me ikkje er i gang med innspeling enno. Men det er framleis Sandane, Firda og mange av dei same karakterane, seier Melike Leblebicioglu, prosjektredaktør i P3 og for Lovleg på telefon til Framtida.no.

Den siste av dei ti episodane i første sesong kom ut på NRK nett-tv torsdag 25. oktober.

No kan endeleg NRK P3 avsløra at det vert ein ny sesong av nettdramaet om Gunnhild frå Høyanger som flyttar til Sandane for å gå på Firda vidaregåande skule.

Då Framtida.no møtte manusforfattar Kjersti Wøien Håland førre månad kunne ho verken stadfesta eller avkrefta om det vart ein sesong to.

Les intervjuet med serieskaparen som sjølv har vore elev på Lovleg-skulen her!

Hybelbuarane på Sandane diskuterer trappevask i det nyaste klippet, som kom tysdag 20. november. Skjermdump: Lovleg.p3.no

Fansen spekulerer

Fansen byrja å spekulera etter at det plutseleg dukka opp ei ny oppdatering på serien sine nettsider tysdag denne veka.

– Det er veldig gøy at dei oppdaga det så raskt og å sjå at det framleis er stor entusiasme, seier Leblebicioglu.

Ho har merka seg tankane og spekulasjonane kring neste sesong, men kan ikkje avsløra stort meir enn at det framleis kjem til å dreie seg om hybelbuarar på Sandane og at dei ikkje planlegg ein ny stor castingrunde.

– Det er alltid gøy å sjå at fansen gjettar riktig og at nokon er heilt på viddene, avsluttar ho.