Løyndomane i skogen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trudde eg skulle dokumentera forfall då eg starta – at hyttene ikkje blei haldne ved like eller at det ikkje blei bygde nye. Men eg har funne hytter som er i topp stand og som blir teke vare på. Det er ein kultur som lever, seier skribent og fotograf Marius Nergård Pettersen.

Han har besøkt seksti hytter i boka Hemmelige hytter, men han veit om eit par hundre. Det finst fleire tusen slike, meiner hyttebokforfattaren. Berre kort veg frå skogsområdet me møtest ligg til det ei eller fleire.

Boka må ikkje lesast som ei oppmoding til å byggje hytter utan løyve, skriv forfattar Marius Nergård Pettersen i boka Hemmelige hytter.Sjølv bygde han hytta med løyve frå grunneigaren. Foto: Marius Nergård Pettersen

Boka må ikkje lesast som ei oppmoding til å byggje hytter utan løyve, skriv forfattar Marius Nergård Pettersen i boka Hemmelige hytter.Sjølv bygde han hytta med løyve frå grunneigaren.
Foto: Marius Nergård Pettersen

– Dei fleste hyttene ligg like utanfor byar og bygder. Mange ligg på ein plass ein ikkje hadde forventa å finna ei hytte, sjølv om ein leita etter ho, forklarer Pettersen.

Jakt, fiske og flukt

Hyttene i boka liknar ikkje på hyttene me reiser til i helgene og i feriar. Dei hemmeleg hyttene er enkle, små og skjulte. Dei er utan veg, straum og vatn.

Forfattar og fotograf Marius Nergård Pettersen har besøkt hemmelege hytter i heile landet. Resultatet er boka Hemmelige hytter. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Forfattar og fotograf Marius Nergård Pettersen har besøkt hemmelege hytter i heile landet. Resultatet er boka Hemmelige hytter.
Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

– Desse hyttene er prøvd skjult ein eller annan gong, anten fordi dei er bygd ulovleg, fordi dei er brukt under den andre verdskrigen eller fordi nokon ville ha dei for seg sjølv, seier Pettersen.

Han fortel at mange av dei er bygde av turfolk som jegerar og fiskarar, som har fått eit spesielt forhold til eit turområde dei har brukt mykje. Elles er nokre bygde av uteliggjarar, som ikkje hadde andre val enn å byggja seg eit skjul der dei kunne vere for seg sjølv. Dette var ganske vanleg blant nordmenn, og det er framleis dei som bur i hemmelege hytter, fortel boka.

Under den andre verdskrigen blei enkle hytter brukt av motstandsfolk for å skjule seg. Hyttene blei også brukt til å ta imot flyslepp og radiosignal. Ein del av desse krigshyttene er borte i dag, men skogen og fjellet husar framleis skjul som blei brukte til motstandsarbeid eller folk på flukt.

Les også: Fire øyer som ikkje var øyer

Presenning, plankar og stein

På same måte som hyttene er ulike med tanke på opphav og bruk, er dei ulike i utforming og byggjematerialar. Det spenner frå dei heilt enkle halvtekka med presenning til intrikate byggverk av samanknytte stokkar og forseggjorde steinmurar.

Dei hemmelege hyttene er ulikt bygd. Byggjeteknikken spenn frå dei heilt enkle til intrikate byggverk av samanknytte stokkar. Foto: Marius Nergård Pettersen

Dei hemmelege hyttene er ulikt bygd. Byggjeteknikken spenner frå dei heilt enkle til intrikate byggverk av samanknytte stokkar. Foto: Marius Nergård Pettersen

Mange av dei smeltar nærmast inn i terrenget. Dei er skjulte i ei ur eller mellom nokre tre. Nokre gonger er det berre ei pipe eller eit vindauge som er synleg.

– Du kan stå på taket utan å sjå dei. Andre hytter er tømmerkoier som er godt synlege, men som ligg på ein stad ingen går, forklarer forfattaren.

Mange av dei hemmelege hyttene har hyttebøker. Foto: Marius Nergård Pettersen

Mange av dei hemmelege hyttene har hyttebøker.
Foto: Marius Nergård Pettersen

Dei fleste hyttene står opne.

– Det er nok truleg for å legitimera at dei er der. For når dei blir oppdaga, dei fleste blir jo det, så kan dei som har oppdaga hytta, bruka ho. Det rettferdiggjer litt at dei er der, seier Pettersen.

I dei mest kjende av dei hemmelege hyttene er gjestebøkene fulle av helsingar og namn.

Les også: Fleire og fleire trivst i hengekøye

Dokumenterer eit fenomen

Pettersen skriv om friluftsliv og har gått mykje både på og utanfor sti. Etter å ha gått seg på fleire skjulte krypinn, skjønte han at dette var eit utbreitt fenomen i heile landet. For tre år sidan byrja jobben med å kartleggje løyndomane.

– Hyttene inneheld mange fascinerande historier om folk og om kvifor dei er der. Og så er det jo eit kulturfenomen som aldri tidlegare har blitt dokumentert, seier Pettersen.

Nokre hytter har meir komfort enn andre. Her har hyttebyggjarane bore med seg finérplater og madrassar. Foto: Marius Nergård Pettersen

Nokre hytter har meir komfort enn andre. Her har hyttebyggjarane bore med seg finérplater og madrassar.
Foto: Marius Nergård Pettersen

Ein av personane som blir skildra i boka er Harald. Han var ein av mange som fall utanfor samfunnet etter den andre verdskrigen, av dei fleire soldatar og krigsseglarar. Bustadmangelen hjelpte heller ikkje. Enkle hytter i skogen utanfor byane blei løysinga for dei som ikkje passa heilt inn. Alle var ikkje uteliggjarar, somme hadde fast jobb, som Harald.

– «De trodde vi var gærninger, heile gjengen, men det var vi ikke. Det var mange skikkelige folk», fortel han i boka.

Les også: DNT trur på ny hyttetrend

Denne hytta på Austlandet ein stad er laga av stokkar. Taket er av knotteplast og torv. Foto: Marius Nergård Pettersen

Denne hytta på Austlandet ein stad er laga av stokkar. Taket er av knotteplast og torv.
Foto: Marius Nergård Pettersen

Å byggje ei hemmeleg hytte

Pettersen har utforska både dei forfalne, dei vedlikehaldne og dei som har blitt oppdaga. Han har tatt bilete og samla historier frå dei som bygde og levde i dei. Men han har også bygd si eiga hemmelege hytte.

– Eg ville gå gjennom prosessen det var med all beringa og det å halda seg skjult. Eg bar materiale i to veker før eg kunne starta bygginga, seier han om slitet.

Kva lærte han eigentleg av det?

– Det er ein heil del nordmenn der ute som har glede av å skapa seg sitt eige lite hi der ingen andre går. Dei må ha ei veldig drivkraft for å gjennomføra eit slikt arbeid. Eg veit kanskje om to hundre slike hytter i Noreg. Eg er heilt sikker på at det finst tusen til to tusen og sikkert fleire enn det også, seier Pettersen.

Hans eiga hytte er til så lenge uoppdaga.

– Hytta ligg i ein granskog på Austlandet, for dei som vil leite etter ho.

På ei lita øy ute i ei elv i eit fjellområde står denne enkle bua. Forfattaren kallar det for det enklaste rommet han nokon gong har vore i, men opplevinga var minnerik. Foto: Marius Nergård Pettersen

På ei lita øy ute i ei elv i eit fjellområde står denne enkle bua. Forfattaren kallar det for det enklaste rommet han nokon gong har vore i, men opplevinga var minnerik.
Foto: Marius Nergård Pettersen

Les også: Skal lage raudliste for trua naturopplevingar