Lærte å unngå skred

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette seier Gunnar Kornberg frå Volda. Saman med kameraten Olaf Eskeland og fleire andre skientusiastar frå regionen deltok han i helga på eit grunnleggjande skredkurs på Standalhytta. Målet med kurset var å få kunnskap nok til å gjere betre eigenvurderingar ute på tur, og dermed unngå ulykker.

Tryggleik

Det er Ålesunds skiklubb som står bak tredagarskurset, som i år hadde med tindevegleiarane Halvor Hagen, Sverre Hjelmeland og Bjørn Kruse frå Norgesguidene som kursinstruktørar.

Det var halde parallelle, separate kurs for nybyrjarar og vidarekomne, der begge leirar fekk mykje ny kunnskap i form av teori på hytta og praksis oppe på fjellet.

LES OGSÅ: Skapte norsk klatrehistorie

– Det handlar om å kunne bevege seg rimeleg trygt i fjellet, ikkje berre stole på flaksen, seier Arild Eidset, hyttesjef og ein av veteranane i Ålesunds skiklubb.

Han fortel at klubben legg stor vekt på å lære medlemmene om risikovurdering og tryggleik, og legg difor opp til hyppig kursing.

– Vi har hatt toppturarrangement vinterstid i ti år, der vi fører folk opp på fjellet. Vi har så langt ikkje hatt eit einaste uhell.

Komplekst emne

Kursinstruktør Halvor Hagen i Norgesguidene seier vurdering av snøforhold og skredfare er eit viktig, men til dels svært krevjande kunnskapsområde.

– Snø er enormt komplekst. Det er i konstant endring frå det kjem ned frå himmelen til det ligg nede ved fjorden. Det er difor vanskeleg å seie noko bastant om kor trygt det er i akkurat dette henget. Ein må gjere ei heilskapleg vurdering av snø og vêrforhold. Då har vi fleire modellar som kan hjelpe oss i ein kvardag med mange komplekse faktorar, seier han.

Nasjonal skredvarsling

Eit nytt og nyttig verktøy som snart vert tilgjengeleg for skiløparar er ei nasjonal skredvarsling.

– Dette vert innført frå midten av januar. For ein heil del regionar i landet, der i blant Sunnmøre, vil det fleire gongar i veka kome eit skredvarsel. Dette er noko ein aktivt kan bruke i planlegging av eigne turar og fellesturar, seier Hagen.

LES OGSÅ: Nesten heilt åleine

– Lærerikt

På kurset i helga vart det altså gitt mykje lærdom som kan hindre skredulykker, og informasjon om kva ein må gjere om uhellet er ute. Kameratane Gunnar Kornberg og Olaf Eskeland meinte dei fekk godt utbytte av samlinga.

– Vi føler vi har lært ein god del om å det å kunne vurdere situasjonar, skredfare, og vi fekk vite mykje om arbeidsfordeling og rett bruk av utstyr, sa dei.

Dei to er ikkje medlemmer av Ålesunds skiklubb, men melde seg på kurset av eige initiativ.

– Eg går ein del på toppturar når eg er heime, både påske, sommar og vinterstid. Men eg kan ingenting om skred. Difor tenkte eg det var greitt å lære litt om det, om utstyret og korleis ein kan gå trygt i terrenget, seier Kornberg.

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Deltakarane på skredkuset på Standaleidet i helga.