Siger for transpersonar i Kenya

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Siger for transpersonar

Organisasjonen Transgender Education and Advocacy vann nyleg ein viktig siger i ein kenyansk domstol.

Komiteen som koordinerer ikkje-statlege organisasjonar i Kenya fekk førre veke ordre om å registrere organisasjonen for transpersonar, i ei avgjersle som kan rydde veg i kampen mot diskriminering i landet. Det skriv Daily Nation.

– Dette er ei milesteinsavgjersle, seier Vemund Kulleseid Nilsen i Skeiv Ungdom.

– Det handlar om retten til å leve som eit fullt og heilt menneske, seier transaktivist John Jeanette Solstad Remø.

Grunnlovsfesta rett til organisering
Komitten for ikkje-statlege organisasjonar har argumentert med at dei ikkje kunne anerkjenne gruppemedlemmane, fordi namna deira ikkje samsvara med kjønnet.

Dommar George Odunga peika førre veke på at individet har ein grunnlovsfesta rett til å organisere seg, og at denne retten ikkje kan bli nekta på bakgrunn av kjønn.

LES OGSÅ: Transformatoren

Vidare løfta han fram at organisasjonens leiar, Audrey Mbugua, og kollegaane hennar har endra namna sine, og at avvisinga dermed ikkje har juridisk dekning.

Odunga kalla komiteens avvising for ein svikt i utøvinga av lovbestemte oppgåver, og sa at den var urettferdig og i strid med reglane. Komiteen fekk dermed ordre om å registrere organisasjonen, som arbeider for å få anerkjend eit tredje kjønn, transkjønna, i landet.

Diskriminering
Organisasjonen starta søksmålet på grunn av diskriminering og brot på fundamentale menneskerettar.

Audrey Mbugua har lenge kjempa for anerkjenning som transkjønna. I ei separat sak freistar Mbugua å få endra kjønnsmerket i identitetspapira sine, ettersom det manglande samsvaret mellom mannlege identitetspapir og hennar utsjånad, har hindra henne i å få jobb.

Høyr Mbugua fortelje om seg sjølv i dette intervjuet med Kenya Citizen TV.

På nettsidene til Transgender Education and Advocacy skriv Mbugua om situasjonen for transpersonar i Kenya. Ho peikar mellom anna på at mange transpersonar opplever diskriminering i jobbsamanheng og i tilgang på tenester.

Vert ikkje anerkjende
Økonomiansvarleg i Skeiv Ungdom, Vemund Kulleseid Nilsen, kom i vår heim frå Kenya, der han har vore på utveksling for Skeiv Ungdom. Saman med medlemmar av den kenyanske LHBT-organisasjonen GALCK har han arbeidd med doble minoritetar i Noreg og i Kenya.

– Det finst ikkje noko diskrimineringsvern og ikkje noko behandlingstilbod for transpersonar i Kenya. Mellom anna er det ikkje mogleg å få endra kjønn juridisk, og ein vert ikkje anerkjend som transkjønna i landet, fortel Kulleseid Nilsen.

Medan homofili er forbode og kan straffast med opptil 14 års fengsel (riktignok i ei lov som sjeldan vert praktisert), er det ikkje noko lovverk for transpersonar i landet.

– Tilgangen til helsetenester er også ei utfordring, når ein må syne fram ID-papir som syner eit anna kjønn enn det ein presenterer seg som. Dette liknar på situasjonen i Noreg, men i Kenya møter transpersonar endå meir diskriminering, seier Skeiv Ungdom-representanten.

LES OGSÅ: Vil ha trans* på timeplanen

Han meiner den rettslege avgjersla er viktig.

– Det er ei milesteinsavgjersle. Mange LHBT-organisasjonar i Aust-Afrika slit med å få registrere seg. Då kan dei heller ikkje motta støtte frå internasjonale donorar. Dette er ein viktig siger for heile LHBT-miljøet, som kan sørgje for at organisasjonen faktisk blir drifta. I tillegg synleggjer dette transpersonar som ein minoritet i Kenya og kan gjere det lettare å ta opp andre saker i rettsystemet, som retten til å få endra juridisk kjønn, seier Kulleseid Nilsen.

Frilansskribent og transperson Kristin Fridttun vil ikkje vil ikkje uttale seg spesifikt om Kenya, men seier følgjande når Framtida.no ber om ein kommentar:

– Dersom alternativet er to skarpt åtskilde, juridiske kjønn (mann/kvinne), eller tre juridiske kjønn der det tredje har rom for ulike kjønnsformer og kjønnsuttrykk, er nok tre det beste alternativet, same kvar i verda me er. Men ideelt sett burde me sannkjenna at det finst like mange kjønn som det finst menneske.

Les Fridttun sin kommentar «Kva kjønn er du?» her.

– Endring kjem sjeldan frå makta
John Jeanette Solstad Remø, som frontar ein Amnesty-kampanje for transpersonars rettar i Noreg, meiner denne saka er viktig fordi den handlar om grunnleggjande menneskerettar.

– Her har vi med diskriminering av ei gruppe menneske å gjere, og det må det vere nulltoleranse for – uansett kven som vert ramma. Det handlar om grunnleggjande menneskerettar, om likestilling, om menneskeverd, om retten til å framstå i det kjønnsuttrykket som samsvarar med opplevd kjønnsidentitet, og om retten til å leve som eit heilt og fullt menneske.

LES OGSÅ: Ein realistisk visjonær

Solstad Remø meiner at viktige samfunnsendringar sjeldan kjem frå dei som sit med makta.

– Ein er avhengig av modige og ressurssterke enkeltpersonar for å setje ljos på urett. Audrey Mbugua er ein sånn person, eit førebilete for alle dei som slit med angst fordi dei fell utanfor det binære kjønnssystemet.

– Vi kan til dømes sjå til Norge og Kim Friele og Esben Esther Pirelli Benestad. Dei har begge vore ideal og særs tydelege talspersonar for henholdsvis homofile og transpersonar sine rettar, sett desse gruppene på den politiske dagsordenen og brøyta veg for nytt lovverk som i dag skal gjere det forbudt å diskriminere utsette grupper som transpersonar og homofile.

– Svært mange transpersonar er suicidale
Ifølgje Solstad Remø, som mellom anna er Leiar for menneskerettsalliansen, går utviklinga i ulike retningar internasjonalt. I fleire land, som India, Nepal, Australia, Argentina og Danmark går det betre for transpersonar.

Også i Vest-Europa har nytt lovverk gjort livssituasjonen betre for mange, men mange europeiske land heng dårleg med. På verdsbasis er situasjonen svært vanskeleg for mange transpersonar.

– Kvart år vert det rapportert om aukande tal på drap på transpersonar. Mellom- og Sør Amerika utmerkar seg, med Brasil som ein absolutt versting. Statistikken er ikkje fullstending, sidan det manglar rapportering frå mange land. I Aust-Europa og Russland, og ein del afrikanske land, med Uganda som versting, er transpersonar utsett for overgrep frå innbyggjarar og styresmakter, seier ho.

LES OGSÅ: Er ho på veg ut?

Heller ikkje i Noreg er Solstad Remø nøgd med tilhøva.

– Sjølv om vi frå i år har fått eit bra diskrimineringsvern på plass, må norske transpersonar som ønskjer seg ID-papir i samsvar med kjønnsuttrykk og opplevd kjønnsidentitet, gå gjennom irreversibel sterilisering for at dette skal verte innvilga. Dette er i praksis kastrering. Dette brotet på menneskerettane har Amnesty International starta ein internasjonal kampanje mot Noreg for å kaste ljos over og stogge, seier transaktivisten, og legg til:

– I USA er det i ei brei undersøking funne at 41 prosent transbefolkninga er suicidale, mot 1,6 prosent av befolkninga under eitt. Det er ingen grunn til å tru at tala er veldig annleis her i landet.