Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 21.01.2019 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Søstra mi spurde om ho kunne ta med ungane sine, den eldste er ti år, og då sa eg at det nok er for grotesk. Då vart ho litt sjokkert, og spurde meg kven som ville skrive noko slikt? fortel Cecilie Pleym Lund.

Ho er ein av dramaelevane ved Firda Vidaregåande skule som står på scena i førestillinga Nasjonal prøve. Stykket var originalt skrive av sogndølen Maria Tryti Vennerød for Den Unge Scene i 2010.

Framsyninga hadde premiere 2. november på teaterscena i Gloppen, og no er dei på turné i heile Sogn og Fjordane i samarbeid med den kulturelle skulesekken. 

«Er han reist?»

Når du kjem inn i det mørke lokalet er teaterstykket allereie i gong.

Vi er i eit klasserom. Nokre elevar sit oppå pultane sine, men dei fleste sit under. Ansikta deira er lyst opp av lyset frå telefonskjermane. Dei pustar tungt og synkront. 

Ei jente startar å synge om «the boy with the bubble gun». Så stemmer ei anna i med Kjartan Lauritzen, «Å herregud, eg kjenner det i skrittet».

Til slutt er det eit mylder av ulike songar og tromming på pultane. Kaos.
Heilt til to knyttenevar slår i pulten, og så:

«Er han reist?», spør ei jente.

Nokon svarar: «Han kjem sikkert tilbake.»

nasjonal prøve, soft, teater, sandane, firda vgs

SoFTeater/Flickr. Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar

Tek tak i tung tematikk

Denne han er Vidar. Han var eit «uromoment» i klassa, og vart difor utvist. No lyt han gå på «den store skulen». Teaterstykket handlar om det som kjem etter, og korleis klassa taklar at han er vekke.

I denne timen skal dei ha nasjonal prøve, men det er ikkje lese og rekneferdigheitene som vert testa når alt kjem til alt.

For plutseleg kjem rektor inn i klasserommet. Det er komen ein trugsel mot den store skulen. Vidar har truga med å skyte rektor, lærar og halve klassa.

Elevane vender seg mot kvarandre. Ein etter ein vert dei utsett for ubehageleg merksemd, spydige kommentarar og press, og for den eine etter den andre renn begeret over.

Les også: Skamma seg over å flytte heim til foreldra etter studia

Eit år med arbeid mot premieren

Stykket vert ikkje berre sett opp, framført og så er det ute av tankane. Dramaelevane har arbeidd med framsyninga sidan januar, saman med Sogn og Fjordane Teater (SoFT). 

Mina Susanne Kjerpeset fortel at dei ikkje berre har lært kva dei skal gjere på scena, men òg om heile produksjonen rundt. Alt frå rigging og lys, til korleis det er å arbeide på teater. 

Saman med elevane står dei erfarne skodespelarane Wilhelm Støylen, Reidun Melvær Berge og Vibeke Oskal på scena. Sistnemde er også dramalærar til elevane.

Ein så omfattande prosess har dramaelevane aldri vore med på før, og lærdomane har stått i kø.

– Vi har lært mange skodespelteknikkar. Eg spelte skodespel på ein heilt annan måte før. No har vi fått beskjed om at vi ikkje skal tvinge fram eigne kjensler, men vi skal spele med kva vi får tilbake frå medskodespelarane og handlingane som skjer, forklarer Rakel Sørhaug. 

Frå venstre: Cecilie Pleym Lund, Mina Susanne Kjerpeset og Rakel Sørhaug går alle i tredje klasse på dramalinja på Firda Vidaregåande skule.

Tema alle kan kjenne seg att i

Og det er er mykje som skjer. Endå trugselen om ei skuleskyting er sentral i teaterstykket, så tek det føre seg andre tilknytta tema som er meir allmenne. Mobbing, utanforskap, einsemd og klassemiljø. Kjensler og problemstillingar alle kjem i kontakt med.

– Trur de dette teaterstykket påverkar korleis de ser på det å vere utanfor?

– Eg trur i alle fall det. No har eg levd inni ein karakter som har vorte mobba og er utstøtt. Eg føler med personen, og får eit anna inntrykk av korleis det er, seier Sørhaug. 

Hennar karakter, Johanne, vil helst male i fred og vil ikkje ha nasjonal prøve. Som alle andre i stykket vert ho pressa så langt at ho knekk saman.

Eg trur vi alle saman forstår meir av korleis det er å verte utestengt

Også Pleym Lund og Kjerpeset trur dei får eit nytt perspektiv etter å stått på scena i Nasjonal prøve. 

– Min karakter går frå å ha ein veldig høg status, frå å vere med på mobbinga til å verte pressa ned. Eg trur vi alle saman forstår meir av korleis det er å verte utestengt, og korleis det er å stenge nokon ute, seier Pleym Lund.  

 – Til og med mi rolle, som er skikkeleg frekk heile tida, vert knekt til slutt. Alle kan oppleve det plutseleg, legg Kjerpeset til.

Les også: Jobbar saman mot radikalisering

Ein vekkar

Samstundes vert tematikken diskutert i skuleklassane både før og etter dei ser teaterframsyninga. Det pedagogiske opplegget inneheld både diskusjonsoppgåver og gruppearbeid. 

Elevane skal argumenter for og imot isolering som problemløysing; dei vert utfordra på kvifor skuleskytingar skjer og korleis ein kan hindre det; og skal reflektere korleis dei sjølve handterer å kjenne seg utanfor. 

SoFTeater/Flickr. Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar

Dei gryande skodespelarane trur medelevane kanskje endrar svara sine etter dei har sett framsyninga.

– Dei får sjå kor gale det kan vere. Eit klassemiljø der nokre ikkje torer å snakke, og vennar som plutseleg vert stengt ute. Dei får sjå korleis andre folk føler seg, seier Kjerpeset.

Pleym Lund håper stykket kan vere ein vekkar for mange. Mobbing kan gjerne føregå skjult og vere ei rekke små handlingar, men Nasjonal prøve syner kor ille det kan verte. Det skal ikkje vere mogeleg å avfeie det med å seie «Ja ja, men det er jo ingenting».

Det kan ikkje verte daglegdags

Endeleg så er dei tre unge skodespelarane samde om at endå temaet er dystert, så er det viktig og aktuelt å belyse det. For sjølv om skuleskytingar ikkje er utbreidd i Noreg, så skjer det i snitt masseskytingar i USA nesten kvar einaste dag.

– Det skjer så ofte at det vert vanleg å høyre om det, og det er då det byrjar å verte skummelt. Når det er daglegdags. Eg trur det er bra at vi viser det på ein annan måte enn å berre lese ei nyheitssak om det, avsluttar Sørhaug. 

Les også: Forskarar slår alarm om skuleskytingar