«Despacito», songen eg ikkje får ut av hovudet

Elise Wiig, 18 år, Drammen vidaregåande skule
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten er eitt av bidraga i Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse om song.

Da eg skulle skrive denne teksten kunne eg valt å skrive om ein song eg likar, for nokre gonger har ein flaks og får ein song ein likar på hjernen. Dessverre er det ofte slik at om ein får ein song klistra til hjernebarken, er det gjerne ein ein ikkje likar.

Det er derfor eg valde å skrive om «Despacito» av Justin Bieber, Luis Fonsi og Daddy Yankee. Den har kanskje ikkje blitt spelt like mykje i det siste, men i fjor sommar var songen ein landeplage. Eg meiner vi må helt tilbake til svartedauden for å finne ein liknande landeplage.

Eg meiner vi må heilt tilbake til svartedauden for å finne ein liknande landeplage.

Utanom faktumet at songen festar seg til hovudet som ein flått festar seg til huda og syg livsgnista ut av ein, er songen ganske irriterande. For det fyrste er Justin Bieber med. Dette er irriterande nok i seg sjølv. For det andre syng dei på spansk. Eg likar ikkje songar på spansk og eg forstår ikkje eit døyva ord spansk (det gjer for så vidt ikkje Justin Bieber heller). Eg har som oftast refrenget på hjernen.

Som sagt kan eg overhovudet ikkje spansk og derfor syng Justin Bieber «Des-pa-ctioo» følgd av ein heil del tulleord inne i hovudet mitt. Eg har berre denne eine linja på hjernen og den gjer meg gal. For det tredje har han ein irriterande melodi og rytme.

Nokon likar spansk gitar og får lyst til å danse av songen. Eg får lyst til å leggje med ned å døy. For det fjerde er songen alt for lang. Sidan eg ikkje forstår kva dei syng i songen høres det ut som dei syng det same om og om igjen. I lengda blir dette ganske kjedeleg og som sagt irriterande. Som om det ikkje er nok at songen er irriterande, skal han visstnok ha ein så obskøn tekst at han vart forboden i Malaysia. Igjen, eg forstår ikkje spansk så ikkje veit eg…

Utanom faktumet at songen fester seg til hovudet som ein flått festar seg til huda og syg livsgnista ut av ein, er songen ganske irriterande.

Uansett. Eg har dykka litt ned i det store internett og funnet nokre grunnar til at «Despacito» klistrar seg fast i hovudet som neglelim mellom to fingrar. I ein studie kalla «Psychology of Aesthetics, Creativity and the Arts» fann musikkpsykolog Mullensiefen ein del fellestrekk for det som kallas «earworms» (oversatt med «øyreormar» i resten av teksten). Ein øyreorm er ein fengande song eller ein melodi ein ikkje får ut av hovudet. «Despacito» kan, ifølgje Mullensiefen, verte definert som ein øyreorm fordi han har den perfekte balansen mellom «fresh» og kjedeleg og ved at han er litt raskare enn normalt.

Nokon likar spansk gitar og får lyst til å danse av songen. Eg får lyst til å leggje med ned å døy.

Dette fører til at songen utløyser minne og emosjonelle koplingar. «Despacito» fester seg også til hjernen fordi songarane syng ganske kjedeleg og at stemmane ikkje gjer noko uventa. (Dette faktum har eg allereie etablert.) Vi kan gjennom våre tidlegare lytteerfaringar forstå korleis låta skal gå. Songen kan likevel virke ny på tross av dette.

For dei som ikkje høyrer mykje på latinamerikanske balladar og reggae, og for meg som ikkje høyrer på dei sjangerane i det heile tatt, kan songarane si stemme fletta saman med ein overtydande lyd virke «fresh» fordi det er ukjent for oss. For deg som høyrer på mykje spansk musikk kan du likevel oppleve å like songen fordi balladar og reggae ikkje er ein vanleg kombinasjon.

I følje ein anna undersøkning i musikkpsykologi frå 2013, viste det seg at songar som du høyrer ofte, festar seg lettare i hjernen. (Cummins, 2017) Altså fordi eg har høyrd «Despacito» overalt festar han seg i hjernen min. «Despacito» er ein øyreorm som kravlar inn i hovudet mitt som eit virus og et opp alt anna der. Som dette ikkje var gale nok, sniglar han seg rundt der oppe fordi eg ikkje liker reggaesongar og latinballadar, og fordi eg blir overeksponert for han.

Det er ikkje mi eiga feil at han festar seg i hovudet! Eg kan ikkje noko for at eg ikkje likar reggae- eller latinamerikansk musikk og for at dei spelar songen overalt. Eg blir ufrivillig torturert! Eg har ein løysing på dette store problemet. Vi må gjere som Malaysia. La oss forby songen!

Eg blir ufrivillig torturert! Eg har ein løysing på dette store problemet. Vi må gjere som Malaysia. La oss forby songen!

Tek du sjansen på å høyre songen som festar seg som ein øyreorm hos Elise Wiig (18)?

Kjelder: Cummins, E. (2017, Juni 9). Inverse. Hentet Oktober 7, 2018 fra The Science of Why"Despacito" Is Stuck in Your Head: https://www.inverse.com/article/32747-despacito-summer-music-science-earworm-justin-bieber

Fleire bidrag i Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse kan du lese her