Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.01.2019 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er vanskeleg å forklare kva dette er, å skildre vibe’en i huset, seier Nathalie Hegna.

Veggane i øvingslokalet syner historien til rocksamfunnet.

Ho ser seg rundt eit slitt, men sjarmerande øvingslokale på Akkerhaugen Rocksamfunn i Sauherad kommune. På veggane heng musikkplakatar og gamle avisutklipp, i bakre del av rommet står høgtalarar stabla oppå kvarandre. Eit trommesett står klart.

Det er sant, Akkerhaugen Rocksamfunn er vanskeleg å skildre.

Kort fortalt så er det eit kulturhus. Det er står ope for ungdom heile døgnet. Dei kan komme og gå som dei vil. 

Nytt liv i togstasjonen

Då rocksamfunnet opna i 1982 heldt dei til i ein gammal bankkjellar på Akkerhaugen. Då var det ein plass lokale musikarar kunne øve, og mellom anna svartmetall-bandet Emperor starta der.

Seint på 90-talet flytta rocksamfunnet til den nedlagde togstasjonen i Akkerhaugen, der det framleis er. Sidan den gongen har det vekse og utvida seg.

No husar staden eit rocksamfunn med eiga konsertscene, ein sjakklubb og eit teikneserieforum som har gjeve ut eit eige julehefte. Mest av alt, så er det ein samlingstad.

– Det huset her har hatt mykje å seie ikkje berre for oss, men for andre også, seier Hegna.

Skiltet som heng over scena på Akkerhaugen.

Frå Notodden til Akkerhaugen

Camilla Moen vart først introdusert for rocksamfunnet via ein eldre bror. Han vanka her, og ho følgde etter. Så i 2015 vart det arrangert band-workshop der ungdom som spelte instrument kunne prøve å spele saman med andre.

Der stilte både Moen og Hegna.

– Då vart vi introduserte for mogelegheitene på huset, og vi starta å øve her med oppstartsbandet vårt. Sidan dess har vi berre vorte meir og meir med, seier Moen.

No, tre år seinare, både øver dei på huset, står i baren, spelar på konsertscena og arrangerer eigne kveldar.

Det huset her har hatt mykje å seie ikkje berre for oss, men for andre også

Begge to har ein bakgrunn frå musikkmiljøet på Notodden, og fekk også med seg Anne Fagermo til Akkerhaugen. Saman spelar dei tre kvinnene no under namnet Anne Fagermo.

– Det har vore heilt avgjerande å ha ein plass som dette, seier Hegna.

– Vi har lært ikkje berre det å spele i band, men om lydteknikk og lys, om arrangering og promotering. Vi har lært korleis vi skal te oss i bransjen. 

Dei tør ikkje rekne på kor mange konsertar dei har spelt i løpet dei åra dei har vore på Akkerhaugen. Vegen frå øving til konsert er kort. Her kan du øve på torsdag og ha konsert for 20 vennar på fredag.

Camilla Moen (f.v.), Anne Fagermo og Nathalie Hegna speler saman under namnet «Anne Fagermo».

Les også: Stjernekamp-Ella: Å skrive musikk vart hjelp mot depresjonen

Ein heimstad

Bygget som husar rocksamfunnet nærmar seg 100 år, og tidvis synest det. Det er gamle tregolv, litt skeive trapper og måling som prellar av. Men det er tydeleg at sjela ikkje har sive ut gjennom sprekkene.

Bjørn Arve Skjeslien er booking-ansvarleg på Akkerhaugen, saman med Moen og Hegna. Han er også litt altmogeleg-mann, ein som set opp musefeller på vinteren og held hjula i gang. Han har vore ein del av dette rocksamfunnet sidan han var 11 år. No er han 36. 

Endå det tek mange dugnadstimar, så er rocksamfunnet verdt det, meiner Bjørn Arve Skjeslien.

– Rocksamfunnet betydde veldig mykje for meg allereie då eg var veldig ung. Sjølv om eg i mellomtida har flytta vekk og budd mange plassar, så har det vore med å definere kvar heim var.

Han trur det er denne tilhøyrselen som gjer at så mange i bygda stiller opp. Før var det kommunen som åtte bygget og det var drifta på dugnad, men for seks år sidan selde kommunen det gamle stasjonsbygget.  

– No er det vårt. Det er ikkje noko kommunen når som helst kan selge til nokon annan. Det har gjort noko med identitetskjensla – folk føler mykje sterkare for det, seier Skjeslien.

For heile bygda deltek.

Vi har nokre kveldar der alle musikarane på huset er involverte. Ein bassist her på Akkerhaugen som er 72 år er med å spelar med Camilla som er 19. Dei møtast i musikken. Den har ikkje same aldersgrensene som mange andre samanhengar. 

 Det at vi har noko slikt her har betydd mykje. At det vert eit fellesskap som går på tvers av alder og miljø, at folk er med å gjere ting saman og dreg det same lasset, seier Skjeslien.

Sjå videoen frå ein av dei tidlegare konsertane på Akkerhaugen: 

Ung drivkraft

Endå Akkerhaugen er eit dugnadsprosjekt og resultatet av felles innsats, så er ungdomen i førarsetet. Dei er med i komitear, tek avgjersler, står for arrangement og spelar på scena.

– Det er veldig viktig at det kjem nye folk til, viss ikkje vert det tungt å drive. Når det kjem inn så bra unge folk som tek i eit tak, så er det heilt utruleg, seier Skjeslien. 

For Hegna og Moen har også starta ein festival, 3812 – etter postnummeret i bygda. Det er ein rusfri mini-festival spesielt mynta på unge under 18 år. 

Det var ei utfordring frå Skjeslien. Klarte dei å snekre i stand dette?

No har dei drive festivalen i tre år. Dei har lokka Spelemannsnominerte band som Hajk til ei bygd i Telemark med 400 innbyggjarar. Og i år står også Anne Fagermo på scena. Frontkvinna sjølv kjem eins ærend attende frå Oslo for å spele.

– Det er også ein festival som skal vise fram huset, seier Hegna.

Ho vil at fleire skal få same mogelegheita som ho sjølv.

– Vi veit det finst andre musikkinteresserte på vår alder her omkring som ikkje får utfalde seg. Som kanskje sit på jenterommet eller guterommet og spelar trommer, bass eller gitar åleine. Dei kan heller komme hit! 

Les også: – Song er like viktig for helsa som kosthald og trening

Får att for innastsen

Er det ein ting dei alle er samde om, så er det at Akkerhaugen Rocksamfunn er verdt å satse på.

For Skjeslien betyr det mykje at dei unge lukkast.

– Då Camilla, Anne og Nathalie plutseleg tok eit sjumilssteg på scena, så var det noko som betydde veldig mykje for meg og mange andre her. Det er mange band som har øvd her veldig lenge, men når det kjem noko nytt som gjer at du tenker «oi det her er jo kjempebra!» – det er det som betyr mest. Når du kjem inn døra her, og overhøyrer ei øving. Utan at du går opp til øvingslokalet, men du berre sniklyttar, seier han. 

Her spelar Moen og Fagermo Beyonce sin «Daddy Lessons» i øvingslokalet på Akkerhaugen: 

https://www.youtube.com/watch?v=g71hslwlHac

Akkerhaugen gjev dei unge spelerom. Bokstaveleg talt og i vidare forstand.

– Eg trur ikkje eg hadde drive med musikk framleis, om ikkje det var for Akkerhaugen, seier Moen.

Dei tre unge musikarane ser på kvarandre.

– Eg veit ikkje om vi hadde vore like gode vener om vi ikkje hadde gått her, seier Fagermo. 

No skal dei snart gje ut EP saman.

Kor stødig er du på songtekstar? Ta quizen her!