Framtida
Publisert
Oppdatert 10.01.2019 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Press sitt magasin «Borte bra, hjemme best».

– Eg har opplevd mange nye ting som eg aldri har drøymt om eller tenkt på at eg kunne få i livet mitt. Eg har budd tre år i Noreg, med utfordringar eg måtte oppleve, lære meg eit nytt språk, kultur, samfunn og finne meg vennar, gløyme bakgrunnen min, kva som har skjedd i fortida og måtte klare meg for eit nytt liv.

Sina fortel at den første tida i Noreg var veldig tung. Han var heilt åleine utan familie eller vennar og visste ikkje noko om si eiga framtid. Kom han til å verte i Noreg? Skulle politiet henta han? Han hadde ingen han kunne snakke med eller stole på.

– Nokre gongar presser alt deg, situasjonen vert så vanskeleg at eg ikkje kunne tenke meg at eg var eit barn her i Noreg. Eg har dei siste åra vakse opp i ein dårleg situasjon. Det kan vere vanskeleg å tole alt presset, men det må ein berre!

Det kan vere vanskeleg å tole alt presset, men det må ein berre

Sina fortel at oppveksten i Noreg har fleire negative sider, spesielt det at ein ikkje føler seg som eit barn sjølv om ein bur i landet og er under 18 år. Han fortel om søvnproblem og redsel for politiet, men at det samstundes har vorte lettare med tida.

– Det er mange fordelar og ulemper med å bu i Noreg, for nokre er det skikkeleg vanskeleg, for andre går nesten alt greitt.

Les også: Vert fellesskapskjensla vår svekka av auka innvandring?

Ein trygg stad å vere

Sina har opplevd gode sider med Noreg og erfart at det går an å leve her. Han er ikkje lenger bekymra for kva som skal skje med han, han er ikkje redd og han er trygg i Noreg. Han synest sjølv han manglar ord for å skildre kva som er bra med å bu her, men han nemner vennane sine og andre viktige menneske i livet.

– Dei støttar meg og gjev meg mange positive ord. Dei hjelper meg veldig!

Sina fortel om Noreg.

– Noreg er solidaritet, demokrati og fridom. Ingen bryr seg om dei andre, kva type hudfarge eller religion du trur på. I tillegg har vi ytringsfridom som er kjempeviktig, du skal seie kva du meiner og kva du tenkjer.

Les også: Press vil ha slutt på midlertidig opphald for mindreårige asylsøkarar

Å fortelje ei historie

Sina vart heilt tilfeldig introdusert for rapping. Han vart introdusert for rap og fekk mogelegheita til å spele inn låtar i studio, og har drive med det i ei god stund. Han har alltid vore glad i å skrive, og det er slik han best har uttrykt seg sjølv. Med rap fann han ei form kor han kan bruke musikk til å fortelje om det som føregår i samfunnet.

– Eg vil fortelje kva som føregår i samfunnet vårt. Eg snakkar frå mitt hjarte og mitt hovud. Eg har mykje å fortelje og målet er at andre skal få vete om urettferda rundt oss. Eg har opplevd mange vonde ting sjølv, og eg ønskjer ikkje at nokon andre skal oppleve det same som meg. Men det er viktig at folk veit. Det er hjartet mitt og det er situasjonen som bestemmer kva låta mi skal handle om. Då er eg nødd til å skrive om vanskelege tema!

Eg har mykje å fortelje og målet er at andre skal få vete om urettferda rundt oss

I låtane til Sina høyrer ein om det å vere flyktning. Integrering, sakn, lengsel, press og å vere annleis er alle tema som engasjerer. Men kvifor er det viktig for han å dele denne bodskapen?

– Eg har sjølv opplevd kor vanskeleg det er å vere innvandrar, korleis ein føler seg, korleis folk oppfører seg og på kva måte andre ser oss. Eg prøver å gjere det annleis og vi prøver å vise eit bra bilete av oss. Vi prøver å vise at vi ikkje er konflikt-personar og at vi berre vil vere trygge.

– Eg har det vanskeleg sjølv om det er bra her i Noreg. Eg tenker mykje på før, no og framtida. …kva som skal skje for meg. Desse tinga gjer at eg føler meg gammal, sjølv om eg er ein ungdom som bur i Noreg. Det går ikje an å berre gløyme, eller ikkje tenke på det. Det var ein del av livet mitt, som er hovudet framleis, og det vil eg fortelje andre om.

Les også novella Krigsborn, skrive av Kristine Moltubak Ræstad i samband med OD-dagen.

Jobb hardt, og ikkje ver redd

Sina har funne god hjelp i andre som jobbar med innspeling av låtar. Han har fått støtte og god hjelp, men har også lagt enorm innsats i eige arbeid. Hans råd til andre unge som vil lage musikk er å vere flittig.

– Ein må ikkje vere redd for å vere personleg. Du må høyre på det du lagar mange gongar og øve mykje! Også er det bra om de som høyrer på faktisk forstår teksten.

Vi prøver å vise at vi ikkje er konflikt-personar og at vi berre vil vere trygge

Sina har også råd til ungdomar som vil gjere noko for dei som har vore på flukt.

– Berre det å få eit smil hjelper veldig mykje. Og akkurat det kan alle få til! Norske ungdomar kan tenke litt på det at vi ofte er heilt åleine, kjenner ingen som vil hjelpe oss og har ikkje nokon å snakke med. Vennane våre vert sende tilbake til heimlanda sine, og då hadde det vore fint å ha andre vennar som er her for meg. Norske ungdomar kan godt kome på besøk til oss i mottaket for å ete mat, le og ha det gøy. Vi vil jo gjerne få nye vennar vi også!

Les også: Dataspel kan fremme integrering

Draumen om ei framtid

Sina ønskjer seg ei framtid i Noreg. Han tenker mykje på kva som skal skje med han, men draumane er framleis sterkt til stades.

– Eg drøymer at vi skal hjelpe dei menneska som verkeleg treng hjelp. Eg meiner også at vi bør vere snille mot kvarandre. Vi er alle menneske frå denne verda. Vi skal ikkje tenke på kva slags bakgrunn nokon har, kva slags hud har ein og kor kjem ein frå. Vi er alle frå denne verda.

Eg drøymer at vi skal hjelpe dei menneska som verkeleg treng hjelp

– Eg har også mine eigne ønsker. Om 10 år er eg ferdig på skule, og eg jobber med draumejobben min. Eg vil jobbe som elektriker eller med mekanikk.

Les teksten til Sina Bagheri her: 

Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no.